Hopp til innhold

– Pentagon-lekkasjen set USA i eit dårleg lys

– Lekkasjen set USA i eit dårleg lys i forholdet til dei allierte, meiner førsteamanuensis ved Forsvarets høgskole, Anders Romarheim. Tusenvis av hemmelege dokument dukka opp i påskehelga, blant anna om den israelske etterretningstenesta Mossad og det ukrainske luftforsvaret.

Pentagon

Lekkasjen av dei hemmelege dokumenta kan ha skjedd frå det amerikanske forsvarsdepartementet Pentagon i Washington.

Foto: Charles Dharapak / AP

Både vestlege ekspertar og amerikanske tenestepersonar trur det er ein amerikansk aktør som står bak lekkasjen, og ikkje nokon frå eit alliert land.

– Fokuset no er på at dette er ein amerikansk lekkasje, då mange av dokumenta berre var i amerikanske hender, seier Michael Mulroy til nyheitsbyrået Reuters.

Mulroy var tidlegare høgt oppe i det amerikanske forsvarsdepartementet Pentagon.

Lekkasjen som blei kjent i påskehelga blir etterforska, og kjelder i det amerikanske embetsverket understrekar overfor Reuters at etterforskinga framleis er i ein innleiande fase. Dei har ikkje avvist at prorussiske aktørar står bak lekkasjen.

Den blir rekna som eit av dei mest alvorlege tryggingsbrota sidan meir enn 700.000 dokument, videoar og diplomatisk kommunikasjon dukka opp på Wikileaks sine nettsider i 2013.

Forsker Anders Romarheim

Anders Romarheim, førsteamanuensis ved Forsvarets høgskole.

Foto: NRK

– Pinleg for USA

Anders Romarheim meiner at det som har skjedd er alvorleg for USA, og kan føre til gnissingar mellom USA og fleire av landet sine venner og allierte rundt om i verda.

– Det er pinleg for USA, og noko som USA svært gjerne skulle vore forutan. Men det var ein større skandale då forbundskanslar Angela Merkel sin mobiltelefon blei avlytta av amerikansk etterretning, seier han.

Romarheim trur ikkje at det som har skjedd no, vil få konsekvensar for forholdet mellom dei allierte på lang sikt.

– Det er alltid litt kontroversielt, og det skaper turbulens i relasjonane. Men ein bruker vanlegvis å komme seg vidare, og glatte over det. Forholdet mellom USA og for eksempel Sør-Korea er veldig sterkt.

Dukka opp på nettforum

Reuters har gått gjennom over 50 av dokumenta som først dukka opp på kommunikasjonsplattforma Discord og nettforumet 4Chan. Dei er stempla som hemmelege eller svært hemmelege.

Nokre av dokumenta vart publiserte for fleire veker sidan, men vart ikkje kjende før New York Times omtalte saka fredag.

Reuters har ikkje verifisert dokumenta. Nokre av dei handlar om estimat for tap i Ukraina-krigen som ser ut til å underspele dei russiske tapa. Minst eitt dokument inneheld svært hemmeleg informasjon, men er ikkje hemmelegstempla. Nokre dokument er merkte med «NOFORN», som betyr at dei ikkje kan delast med utlendingar.

To amerikanske tenestepersonar seier til Reuters at dei ikkje har utelukka at nokon kan ha tukla med dokumenta for å forvirre etterforskarane eller spreie desinformasjon som kan vere skadeleg for amerikanske interesser.

Pentagon sa i ei fråsegn søndag at dei gjer vurderingar av om dokumenta som «ser ut til å innehalde sensitivt og svært hemmeleg informasjon», er ekte. Justisdepartementet har starta etterforsking av saka.

Ukrainsk luftforsvar kan gå tomt

Eitt av dokumenta, som er datert 23. februar og merkt som hemmeleg, skildrar i detalj korleis Ukrainas S-300-luftforsvarssystem vil gå tomt for ammunisjon innan 2. mai, gitt at forbruket held fram i same grad som no.

Les også Ukraina kan sleppe opp for ammunisjon

Pictures of the Week Europe and Africa Photo Gallery

New York Times skriv at uroa for at dette kan skje, er stor.

Slik informasjon kan vere svært nyttig for Russland. Frå ukrainsk hald er det meldt at president Volodymyr Zelenskyj møtte tryggleikstoppar fredag for å snakke om korleis lekkasjar kan hindrast.

Spionerte på allierte

Eit anna dokument er merkt som svært hemmeleg. Det ser ut til å vere ein rapport frå etterretningstenesta CIA.

I dokumentet som er datert 1. mars, heiter det at israelske Mossad oppfordra til protestane mot den omstridde rettsreforma til statsminister Benjamin Netanyahu.

USA skal ha fått opplysningane via spionasje.

Israel, protester, flagg

Den israelske e-tenesta Mossad skal ha oppmuntra protestane mot regjeringa, ifølgje lekkasjen.

Foto: Ohad Zwigenberg / AP

Eit anna dokument skildrar i detalj interne diskusjonar blant høgtståande sørkoreanske tenestepersonar om at USA legg press på Sør-Korea for å hjelpe til med å forsyne Ukraina med våpen.

Det er og avslørt at amerikanarane skal ha spionert på Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj. – Ikkje overraskande, men frustrerande, seier er kjelde i ukrainske styresmakter.

Pentagon har ikkje kommentert dei konkrete opplysningane i dokumenta.

Andre teoriar

To anonyme tenestepersonar seier til Reuters at det er uro for lekkasjen både i Pentagon og etterretningstenestene, men understrekar at dokumenta er ein månad gamle og ikkje avslører nyare vurderingar.

Det vert arbeidd med å kartlegge kva for motivasjon som kan ligge bak lekkasjane, anten det har vore ein amerikansk tenesteperson eller ei gruppe.

Etterforskarane skal arbeide med fire eller fem teoriar, som spriker frå at ein misnøgd tilsett står bak, til ein trussel frå innsida som ønsker å motarbeide USAs tryggingsinteresser.

Anders Romarheim meiner det er vanskeleg å seie kva som ligg bak lekkasjen.

– Det kan vere utru tenarar, det kan vere effektive agentar, det kan vere avlytting og signaletterretning som fangar opp korrespondanse mellom dei som har produsert informasjonen og dei som skal bruke den. Nettopp det at informasjonen er nyttig og sensitiv og relevant tidsmessig, gjer at du kan ikkje berre kan sitje på den, du er nøydd til å dele den med dei som treng den. Og for kvar person du deler med, aukar feilkjeldene for at informasjonen kjem på avvegar.

Britisk spionfly nær skote ned

Eit britisk rekognoseringsfly var i september svært nær ved å bli skote ned av det russiske flyvåpenet over Svartehavet. Det skriv i Washington Post.

I dokumenta vert det omtalt som ei «nær nedskyting av UK RJ», ein referanse for River Joint, eit kodeord for RC-135-spionflya som det britiske luftvåpenet bruker.

Om lekkasjen stemmer, er hendinga meir alvorleg enn det som kom fram då Storbritannias forsvarsminister Pen Wallace fortalde om hendinga i parlamentet i oktober. Då skal han ha sagt at to russiske fly flaug svært nær det britiske spionflyet, og at eitt av dei fyrte av eit missil. Han sa samstundes at det truleg var ein teknisk feil, og at han hadde diskutert det med russiske forsvarstoppar.

Dette var fleire månader før russiske jagarfly førte til at eit ubemanna amerikansk dronefly styrta over Svartehavet.

Djupt inn i Kreml og Wagner

CNN skriv at avsløringane viser kor djupt amerikansk etterretning har trengt inn i det russiske forsvarsdepartementet og Wagner-gruppa. Det viser og at amerikanarane ikkje berre spionerer på fiendar, men og på vener.

Dette gjer at mange fryktar at lekkasjane ikkje berre set livet til agentar i fare, men at dei og kan setje tilhøva til venlegsinna land i fare.

I 2021 vart det avslørt at amerikansk etterretning i løynd skal ha spionert på norske, svenske, tyske og franske politikarar via danske internettkablar i samarbeid med den danske e-tenesta.

Les meir Sterke reaksjonar frå fleire land etter medieoppslag om politikar-overvaking

Illustrasjon av den danske overvåkingsskandalen med bilde av den svenske forsvarsministeren Peter Hultqvist, overvåkingskuppel og Forsvarets Efterretningstjenestens logo

Har stramma inn

Lekkasjen har allereie ført til at flyten av slik etterretningsinformasjon er stramma inn i det amerikanske forsvarsdepartementet, skriv CNN.

Normalt er slike daglege etterretningsrapportar tilgjengelege for fleire hundre tilsette på tvers av regjeringsapparatet. No blir lista over kven som mottar dei granska, og truleg stramma inn.

På same tid blir dei potensielle skadane av lekkasjen kartlagt i landa det gjeld.

– Amerikanske styresmakter gjer nok alt dei kan for å unngå dette, spesielt i dei tilfella der det kan setje etterretningsmetodar, -kjelder og agentar i Kreml og andre stader i fare. Det er umogeleg å unngå slike lekkasjar fullt ut, og dersom ein stramar for mykje til, vil delar av systemet ikkje lenger få den informasjonen dei treng for å kunne gjere jobben sin, seier Anders Romarheim.

SISTE NYTT

Siste nytt