Hopp til innhold

Ukraina kan sleppe opp for ammunisjon

Krigen i Ukraina kan tømme lagera med artilleriammunisjon i heile Europa, fryktar forskar.

Pictures of the Week Europe and Africa Photo Gallery

Ukrainske soldatar fyrer av artilleri nær Bakhmut i Donetsk fylke i midten av desember.

Foto: Libkos / AP

Mangelen på ammunisjon i Ukraina var tema då utanriksministrane i EU møttest tidlegare denne veka.

– Russisk artilleri fyrer av 50.000 skot kvar dag. Ukraina må ha like stor kapasitet, sa EUs utanrikssjef Josep Borrell. Og han la til:

– Dette er det mest akutte problemet. Om vi ikkje lukkast med å forsyne Ukraina med ammunisjon, kan det får konsekvensar for utfallet av krigen.

EU Russia Ukraine War

Utanrikssjefen i EU, Josep Borrell.

Foto: Jean-Francois Badias / AP

6000 granatar om dagen

Ukraina får store mengder våpen frå vestlege land. Men kapasiteten til å produsere ammunisjon er langt mindre enn behovet. Derfor må landa ta av sine eigne lager.

Ukraina skyt rundt 6000 artillerigranatar om dagen, eller 180.000 på ein månad. Ein gjennomgang SVT har gjort viser kor stort spriket er mellom behovet for granatar og produksjonen i Vesten.

Bruker opp årsproduksjonen på ein månad

USA har sendt over ein million artillerigranatar til Ukraina. Men landet har berre kapasitet til å produsere 170.000 granatar i året.

I praksis tyder dette at Ukraina bruker opp heile årsproduksjonen i USA på mindre enn ein månad.

USA har bestemt at produksjonen skal aukast kraftig. Men det vil truleg ta opp til to år før ein når produksjonsmålet. Inntil vidare må landet altså ta av sine eigne våpenlager.

Også europeiske land sender store mengder ammunisjon til Ukraina. EU-landa har kapasitet til å produsere 300.000 artillerigranatar i året. Produksjonen kan kanskje aukast med 50 prosent i løpet av 2023.

Vente med våroffensiven

– Intensiteten i kampane tilseier eit mykje større forbruk av ammunisjon enn Vesten vil klare å dekkje, i alle fall i år. Derfor må nok ukrainarane tenkje seg om to gonger før dei kan setje i gang med ein stor offensiv denne våren, seier Tormod Heier, professor ved Forsvarets høgskole.

Professor ved Forsvarets stabsskole, Tormod Heier.

Tormod Heier, professor ved Forsvarets høgskole.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Men Heier ser også eit lyspunkt, sett frå ukrainsk side.

– Også russarane er i ferd med å gå tomme for ammunisjon. Intensiteten er mykje lågare enn tidlegare. I dag er dei nede i mellom 5000 og 20.000 granatar om dagen, nokre dagar oppe i 50.000.

Og han meiner ukrainarane har eit stort fortrinn i kampen mot Russland.

– Dei har tilgang på vestleg etterretning som viser lokaliseringa av ammunisjonslager, kommandoplassar og transportlinjer. Dermed kan dei konsentrere dei knappe artilleriressursane mot desse måla. Ukrainarane kan føre krig på ein meir moderne og effektiv måte som er mindre ammunisjonskrevjande.

Belgium Europe Ukraine

EUs utanrikssjef Josep Borrell saman med den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskyj då Zelenskyj var i Brussel 9. februar.

Foto: Geert Vanden Wijngaert / AP

Langt unna behovet

– Om vestlege land er innstilt på å redusere lagera med 50 eller 25 prosent, kan ein kanskje halde ut eitt eller eitt og eit halvt år til. Deretter begynner det å ta slutt, seier Rein Pella, som er lærar i forsvarssystem ved den svenske Försvarshögskolan til SVT.

Likevel er dette langt unna behovet i Ukraina. Dersom ein legg til grunn at det er blir brukt rundt 6000 granatar om dagen, blir det over 2 millionar i året.

– Det hastar

– Eg er overbevist om at Ukraina allereie i dag har restriksjonar på kor mange granatar dei kan skyte. Dersom ein legg sterkare restriksjonar på det, blir det vanskelegare å stå imot angrepa frå Russland, seier Pella.

Mangelen på artilleriammunisjon får ikkje berre konsekvensar for Ukraina. Mange meiner lagera i vestlege land såpass tomme at ein del land ville få problem med å forsvare seg sjølve dersom dei skulle bli trekte inn i ein krig.

– Vi må gjere det vi kan for å få i gang produksjonen, både av omsyn til Ukraina og oss sjølve. Og det hastar, seier Rein Pella.

EU-landa vurderer å gå saman om innkjøp av våpen til Ukraina på same måte som då dei samarbeidde om vaksinekjøp under koronapandemien. Saka skal etter planen avklarast på eit møte med forsvarsministrane i EU om ei vekes tid.

Forstå hva som har skjedd på bakken i Ukraina siden Russlands invasjon.

Forstå kva som har skjedd på bakken i Ukraina sidan Russlands invasjon.

SISTE NYTT

Siste nytt