Hopp til innhold

Fryktar alvorleg sjuke William (9) blir smitta – ber om at barn under 12 år får koronavaksine

Foreldre til barn i risikogruppa føler seg gløymt av helsemyndigheitene under pandemien, og fortvilar over at barna deira ikkje får tilbod om koronavaksine.

Hedda (7) og William (9) Erlandsson

SØSKENKJÆRLEIK: For å unngå at William (9) får koronaviruset, er også veslesøster Hedda (7) heime frå skulen.

Foto: Privat

– Det er beintøft å stå i. Vi føler oss frykteleg aleine. Vi opplever veldig lite støtte og forståing frå helsemyndigheitene om kva vi eigentleg skal gjere i denne situasjonen, seier Elin Gunnarsson.

Ho er mor til William (9) som har den alvorlege og sjeldne muskelsjukdommen Nemalin myopati, som han er fødd med. Sjukdommen gjer at William ikkje klarer å bevege seg, og lungene hans er så svake at han ikkje kan trekke inn luft sjølv.

Han er kopla til pustemaskin heile tida, og må ha tilsyn døgnet rundt heime i Oslo.

Mor fryktar at han blir smitta av koronaviruset no som samfunnet gradvis opnar meir opp, og skulane held ope på grønt nivå.

Ho har valt å ta dottera Hedda (7) ut av skulen, for å unngå at storebroren blir smitta av henne.

– Det var ei enkel avgjerd å ta sonen min ut av skulen, men det var mykje vanskelegare å ta avgjerda for dottera mi, seier ho.

Elin Gunnarsson og sonen William (9)

MOR OG SON: Elin Gunnarsson fryktar at sonen William (9) blir smitta av koronaviruset, og ber om at barn under 12 år får tilbod om vaksine.

Foto: Privat

Smitten aukar blant barn

Det er særleg blant barn og unge at smitten aukar no. For barn mellom seks og tolv år steig smitta med 54 prosent i førre veke, medan for tenåringar steig ho med 33 prosent.

Nyleg bestemte regjeringa at 12-15 åringar skal få tilbod om koronavaksine, slik Folkehelseinstituttet (FHI) anbefaler. Denne aldersgruppa får i første omgang tilbod om éi vaksinedose.

Fleire kommunar vaksinerer barn i denne aldersgruppa på skulen i staden for på eit eit vaksinasjonslokale, noko som er stikk i strid med FHI sine råd.

Helseminister Bent Høie (H) understreka under onsdagens pressekonferanse frå regjeringa at det er viktig å unngå at uvaksinerte, som til dømes barn under 12 år, blir smitta av viruset.

– Vi har ikkje sett at ein samanliknar risikoen for desse barna når det gjeld korona i forhold til vaksinen. Vi vil veldig gjerne få vaksinert barna, fastslår Gunnarsson.

Foreløpig er ikkje vaksinen godkjent for barn under 12 år. Vil du likevel at barna skal få vaksine?

– Det er vanskeleg. Vi opplever ikkje å få konkrete svar frå helsemyndigheitene på kva risikoen kan vere.

Både Pfizer og Moderna har starta testing av koronavaksinene på barn mellom 5 og 11 år.

Pfizer forventar å ha dei første resultata allereie i slutten av september, ifølge Insider.

Høie: – Ikkje aktuelt med gult nivå

I tillegg til eit sterkt ynskje om vaksinering av barn under 12 år, er Gunnarsson også tydeleg på at skulane bør vere på gult nivå.

– Dei kronisk sjuke barna og pårørande til dei i risikogruppa, hadde fått ein mykje enklare kvardag og blitt inkludert i samfunnet.

Helseministeren seier det ikkje er aktuelt å sette skulane på gult nivå.

– Det vil vere avhengig av smittesituasjonen lokalt. Dei fleste stadane i Noreg no, er det lite smitte. Då vil det vere feil å ha skulen på gult nivå.

– Eg håpar også at koronavaksinen blir godkjent for barn under 12 år. Det vil gje ei opning for den type vurderingar, legg han til.

Høie har nyleg sagt at vi toler meir smitte no, sidan dei fleste i risikogruppa er fullvaksinerte.

– Det er ikkje heilt sant. I risikogruppa under 12 år er ein ikkje vaksinerte. Der gløymer ein visstnok ei gruppe barn, seier Gunnarsson oppgitt.

Helseminister Bent Høie (H)

HELSEMINISTER: Helseminister Bent Høie (H) seier at han håpar koronavaksinen vil bli godkjent for barn under 12 år.

Foto: Torstein Bøe / NTB

FHI: – Låg risiko samanlikna med vaksne

– Vi føler oss veldig gløymt. Det blir sagt at det ikkje er snakk om så mange barn. Eg kjenner på ein veldig stor frustrasjon, seier Gunnarsson.

Sara Viksmoen Vatle er spesialist på barnesjukdommar i FHI. Ho fortel at det er om lag tusen barn under 12 år som har særleg alvorleg grunnsjukdom.

Sara Viksmoen Watle ved Folkehelseinstituttet

FHI: Sara Viksmoen Vatle er spesialist på barnesjukdommar i FHI. Ho seier det er ekstra viktig at nærkontaktane til barn under 12 år er vaksinerte.

Foto: Heiko Junge

– Dei har ein høgare risiko for å bli alvorleg sjuk av covid-19, samanlikna med friske barn på same alder. Risikoen er likevel framleis låg samanlikna med vaksne, seier ho.

Vatle understrekar at FHI berre registrerer kven som har tatt vaksine, ikkje om nokon har takka nei eller årsaka til dette.

Ho er tydeleg på at det er svært få personar som av helserelaterte årsaker ikkje kan vaksinerast.

– Den største gruppa av risikopasientar som ikkje kan ta vaksinen er barn under 12 år som ikkje har eit vaksinetilbod, sidan vaksinen ikkje er godkjent for denne gruppa. For desse er det ekstra viktig at nærkontaktane blir vaksinerte, fastslår ho.

– Må ta alle avgjerder sjølv

Gunnarsson er styremedlem i Løvemammaene, ein organisasjon som jobbar for å fremme sjuke og funksjonsnedsette barn sine rettigheiter.

– Vi ligg under eit stort press no. Vi får inn telefonar, e-postar og meldingar i sosiale medium. Folk er bekymra. Dei forstår ikkje kva dei skal gjere, seier ho.

Etter halvtanna år med pandemi merkar Gunnarsson at ho har lite tolmod att.

– Desse familiane har jo redusert livskvalitet frå før av. Under pandemien har dette blitt endå tøffare.

– Vi må ta alle avgjerder sjølv. Dette går veldig utover psyken. Vi foreldre veit eigentleg ikkje korleis vi har klart å stå i dette, for å vere heilt ærleg, avsluttar ho.