Hopp til innhold

Kommunar vaksinerer barn på skulen – foreldre fryktar vaksineringspress

Kommunar over heile landet vaksinerer barn på skulen og ikkje i vaksinasjonslokale. Stikk motsett av det FHI anbefaler. – Dei som takkar nei, blir veldig synlege, seier overlege Preben Aavitsland.

Vaksinering Eikefjord barne- og ungdomsskule.

Vaksineringa av 12-15-åringane er i gang. Fleire er kritiske til dei som vel å bruke skulen som vaksinasjonslokale.

Foto: Nils Ole Refvik / NRK

12-15-åringar får no tilbod om koronavaksine.

På Sunnmøre har eit foreldrepar bestemt seg for at dei ikkje vil vaksinere 12-åringen sin.

Vaksineringa på dottera si sin heimplass skal føregå på skulen, og dette er tobarnsmora kritisk til. Når elevane blir henta ut av klasserommet i tur og orden er det synleg kven som sit att.

– Det blir endå vanskelegare for mi dotter å stå for at foreldra har valt at ho ikkje skal ta vaksine, seier kvinna.

Ho torer ikkje stå fram med namn, fordi ho er redd for reaksjonane i eit samfunn med massivt press om å vaksinere seg. Ho meiner det ikkje er rom for å vere skeptisk og stille spørsmål om tryggleiken.

– Eg er ikkje vaksinemotstandarar, for eg har jo tatt vaksine sjølv. Men eg er skeptisk til å gi vaksinen til eit barn fordi vi veit ikkje nok med tanke på biverknader i denne gruppa og korleis kroppen reagerer, seier mora.

Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet

Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet seier meiner at barna bør få vaksinen på vaksinesenter og ikkje på skulen.

Foto: Tor Erik Schrøder

Det er også foreldre andre stader i landet som er usikre.

Press på elevane

Folkehelseinstituttet anbefaler at 12-15-åringane bør kallast inn på vaksinasjonssenteret på same måte som dei vaksne, og ikkje vaksinerast på skulen.

Overlege Preben Aavitsland seier at det er fleire grunnar til det. Både at vaksinane er sårbare for transport og at det er enklare å utnytte vaksinedosane betre der. Det er også kjenslemessige årsaker.

– På skulane kan det bli eit større press på den einskilde eleven. Dei som takkar nei, blir veldig synlege, seier Aavitsland.

Han får støtte av Foreldreutvalet for grunnskolar (FUG).

– Det er klokt at vaksineringa ikkje skjer på skulen av respekt for dei som seier nei, eller ventar, seier leiar Marius Chramer.

Anne Berte Hareide

Anne Berte Hareide i Ålesund kommune seier at vaksineringa skjer på skulane fordi det er mest praktisk.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Mest praktisk

Når rundt 4000 ungdommar får tilbod om koronavaksine i den nye storkommunen Ålesund skjer det på skulane fordi det er mest praktisk og effektivt.

– Vi har mange skular og avstandane er store, seier massevaksineringsansvarleg Anne Berte Hareide. Kommunen skal også straks ut av det store vaksineringslokalet som har vore i bruk fram til no.

I Stavanger blei det først bestemt at 12-15-åringane skulle vaksinerast på skulane. Eli Karin Fosse, direktør for helse og velferd, meinte at fleire kom til å vaksinere seg når det skjer på skulen og innanfor trygge rammer som elevane kjenner. Fredag har kommunen bestemt seg for vaksinere på vaksinesenter. Grunnen er at dette er meir effektivt og at ein då blir ferdig før haustferien.

Ved Eikefjord barne- og ungdomsskule i Vestland er vaksineringa i gang. Rektor Heidi Humlestøl seier at ingen foreldre har klaga på at vaksineringa skjer på skulen.

– Eg opplever at foreldre er glade for at barna får vaksinen. Vi aksepterer sjølvsagt dei som seier nei takk, seier Humlestøl.

I Oslo blir det vaksinering på skular i enkelte bydelar, medan andre går i samla flokk til vaksinesenteret. Andre kommunar, som Kristiansand, vel å frakta elevane i buss frå skulane til vaksinelokala.

Vaksinering på Eikefjord barne- og ungdomsskule.

Ved Eikefjord barne- og ungdomsskule er vaksineringa i gang. Rektor opplever ikkje at foreldre synest det er problematisk at vaksinen blir sett på skulen.

Foto: Nils Ole Refvik / NRK

Redd for bursdagsselskap

Når barna på skulen i Ålesund snart skal ta vaksine, blir det utan dottera til kvinna NRK har snakka med. Jenta har fått beskjed heimanfrå om at ho ikkje treng å fortelje om valet til andre, dersom ho ikkje ynskjer det.

Mora er fullt klar over at 12-åringen kan bli smitta av korona.

– FHI har sagt at barn toler betre å bli sjuke av korona enn utsette grupper og vaksne, seier tobarnsmora.

Det ho er mest redd for er at jenta ikkje får bli med i bursdagsselskap eller andre arrangement som til dømes trampolineparkar eller badeland sidan ho ikkje har fått vaksine.

LES OGSÅ: