Hopp til innhold

Kommuneoverlege går hardt ut mot vaksinemotstandarar

I ei oppfordring til innbyggjarane formulerer han seg på ein svært utradisjonell måte. FHI synest kommunikasjonen er framifrå.

Kommuneoverlege Bjørn Lyngen i Midtre Gauldal med ark frå FHI på kontor

TYDELEG KOMMUNIKASJON: Kommuneoverlege Bjørn Lyngen kjem med ein klar beskjed til folk som vel å ikkje vaksinere seg mot koronaviruset.

Foto: Midtre Gauldal kommune

«For å være litt direkte: dersom du er blant de (heldigvis få) som mener at vaksiner er utviklet for å overvåke, forgifte eller utrydde befolkningen:

Gratulerer, du har latt deg lure av de mest forvirrede menneskene som finnes på internettet.»

Det skriv kommuneoverlege Bjørn Lyngen i Midtre Gauldal i eit nyheitsbrev om smittehandteringa i kommunen sør i Trøndelag.

Der går han ut med ei klar oppfordring om å vaksinere seg mot koronaviruset.

– Dei som framleis vel å tru på alt mogleg vrøvl dei les på nettet får vi ikkje overbevist om dette uansett, så då får dei halde på med det dei driv med, og så får vi opphalde oss i verkelegheita.

– Reinspikka løgn

Det er ikkje mange kommuneoverlegar som er like eksplisitte i uttrykksforma si, eller brukar sarkastiske verkemiddel i sin bodskap til befolkninga.

Kvifor vel du å vere så tydeleg i kommunikasjonen?

– Det er ikkje så mykje poeng i å legge så mykje mellom no. Å spreie reinspikka løgn er litt i seinaste laget no, meiner han.

I den utradisjonelle pressemeldinga skriv han at det ikkje er grunn til å sende e-post til kommuneleiinga med teoriar om koronavaksinen.

– Du vil ikkje greie å «redde» oss med teoriane dine, fastslår han.

FHI: – Framifrå kommunikasjon

Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet (FHI) rosar kommunikasjonen til kommuneoverlegen.

– Eg synest det er framifrå kommunikasjon. Her snakkar han direkte til innbyggjarane sine på eit folkeleg vis. Det får vere greitt med litt direkte tale.

Han held fram:

– Det er verkeleg mykje rart der ute i konspirasjonslandet. Og desse folka lar seg knapt overtyde, seier han.

Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet

ROSAR KOMMUNIKASJONEN: – Eg synest det er framifrå kommunikasjon. Her snakkar han direkte til innbyggjarane sine på eit folkeleg vis, seier overlege Preben Aavitsland i FHI om utsegnet til kommuneoverlegen i Midtre Gauldal.

Foto: Tor Erik Schrøder

FHI er tydelege på at koronavaksinen kan gje biverknader hos vaksinerte, men at desse stort sett er milde og kortvarige.

Dei som har fått koronavaksinen kan rapportere inn biverknader til Legemiddelverket.

Forstår at folk kan vere skeptiske

Kommuneoverlegen er likevel tydeleg på at han forstår skepsisen, og at folk kan vere usikre på om dei skal ta koronavaksinen.

– Vi har jo ikkje noko langtidsdata for dette. Samstundes er det dette våpenet vi har for å bli ferdig med denne pandemien, fastslår han.

Aavitsland i FHI seier det er vanleg å skilje mellom vaksinenølarar og vaksinemotstandarar.

– I den siste gruppa er det nokon som har veldig merkelege teoriar, og eg er sikker på at det er desse kommuneoverlegen talar til, seier han.

Det kan Lyngen bekrefte.

Konspirasjonsteoriar om koronavaksinen og koronaviruset florerer på nettet.

Kommuneoverlegen seier han ikkje forstår det han omtalar som dei «forvirra ideane» om at det er mikrochip i koronavaksinen. Noko som heile 20 prosent av befolkninga i USA trur på.

Det blir så søkt, at det ikkje går an å diskutere. Vi er på forskjellige planetar.

– Alternativet er å bli smitta

Lyngen fortel at han vaksinerte seg så raskt han hadde sjansen. Han stolar på at vaksinen er trygg.

Likevel påpeikar han at det vanlegvis er krav om observasjonsdata over lang tid når nye legemiddel kjem på marknaden.

– Problemet denne gongen er at vi ikkje har lang tid. Det er for farleg at store deler av befolkninga går uvaksinerte. Derfor har vi måtte tatt nokre snarvegar.

Lyngen seier at alt tyder på at det er effektive og gode vaksinar som hindrar alvorleg sjukdom og død.

Han er tydeleg på at alternativet til vaksinen er verre.

– Alle som ikkje blir vaksinerte no, kjem med stort sannsyn til å bli smitta på eitt eller anna tidspunkt. Dette viruset har kome for å bli, avsluttar han.

Sjå programmet «Vaksinekonspirasjonen» i NRK TV:

Legemiddelgigantene er ikke alene om å profitere på pandemien. Noen vet også å utnytte dem som er skeptiske til vaksiner. Det kan bli farlig.

«Legemiddelgigantene er ikke alene om å profitere på pandemien. Noen vet også å utnytte dem som er skeptiske til vaksiner. Det kan bli farlig.»