Hopp til innhold

Håpar populært TV-program kan vere ei motvekt til skjønnheitshysteri

Kjend professor meiner det er viktig at unge kan ha eit førebilete som står fram som ekte.

Eline de Leeuw i Norges tøffeste full av fiskeslo

INNSMURT I GØRR: Halvròten fiskeslo er ein viktig ingrediens i ei av øvingane. Neppe noko du pyntar deg med.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

Kvinnehelse og skjønnheitshysteri har vore tema i haust.

Som den største treningsbloggaren i landet, og programleiar for Norges tøffeste, prøver Jørgine Vasstrand å vere klar over kva ho legg ut av kropp i sosiale medium.

Og bloggaren har eit klart perspektiv på helse vs. utsjånad.

– For meg er det to ulike ting. Eg tenkjer aldri at no skal eg springe eller trene, for då held eg på magerutene mine. Det er ikkje det som motiverer meg.

Ifølgje Vasstrand er vaskebrettet berre ein bonus.

– Viss utsjånad er hovudfokus, ikkje gleda av å få til nye ting og bevege seg, så vil motivasjonen vere veldig av og på.

Jørgine Funkygine Vasstrand med dekk i Norges tøffeste 2022

Jørgine Vasstrand vil vise fram dei ekte ansikta når folk er slitne.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

Får støtte av professor

Det er professor Jorunn Sundgot-Borgen heilt samd i.

– Eg støttar henne klart i dette. Forsking viser at personar som i hovudsak er styrt eller motivert av ytre forhold, som dømes utsjånad og slanking, sluttar å trene i langt større grad enn personar som trener fordi dei kjenner meistring og ynskjer å betre helsa si.

I haust leiar Jørgine Vasstrand endå ein gong TV-programmet Norges tøffeste. Ho trur unge kan lære av å sjå skitne og dødsslitne deltakarar. Kamera går sjølv om du grin, sveittar og blør.

I ei verd der Botox og fillers er normalisert i nokre miljø, trur Vasstrand programmet kan vise fram noko anna.

– Fokuset ligg på prestasjon. Dei kjem ikkje lenger om dei er Mr. eller Miss perfect. Sånn sett trur eg dette kan vere eit positivt bidrag til skjønnheitsdebatten.

Jorunn Sundgot-Borgen

Norges tøffeste syner også at fysisk tøft arbeide gjev utteljing, meiner Jorunn Sundgot-Borgen. Ho er professor i fysisk aktivitet og helse ved Institutt for idrettsmedisinske fag ved Noregs idrettshøgskole.

Foto: Harald Thingnes / NRK

Les også 7 områder innen kvinnehelse ekspertene mener vi må prioritere

En kvinne får satt en sprøyte med botox midt mellom øyenbrynene.

Viktig med riktige førebilete

Programleiaren trur også det kan ha ein annan viktig bodskap til sjåarane.

– Norges tøffeste er ikkje noko som folk flest kan delta i, men det kan vise korleis ein kan bruke kroppen på kreative måtar. Trening er meir enn tredemølle, treningssenter og vektstenger. Det trur eg ein kan bli inspirert av, sjølv om ein ikkje er like godt trent som desse folka, seier Jørgine.

I førre sesong vant fiskaren Isak Dreyer. Han hadde bygd sin styrke gjennom hardt fysisk arbeid.

Jorunn Sundgot-Borgen trur det er viktig at unge kan ha eit førebilete som står fram som ekte.

– Desse er i ekstremt god form, men samstundes blir dei presenterte slik at unge som ser dette får ei ærleg oppleving av korleis nokon elsker ta seg ut reint fysisk. Det kan pirre nygjerrigheit hjå nokon som ikkje tidlegare har vore aktive, og som då byrjer auke sitt aktivitetsnivå.

Kor viktig er det å vise fram dei «ekte» andleta i media?

– Media har eit ansvar å presentere og fremje det ekte. Unge menneske i dag er svært frustrert over at dei stadig blir utsette for uekte kroppar og justerte bilete av utsjånad.

Isak Dreyer.

Fiskaren som slo alle. Isak Dreyer vann Norges tøffeste 2021.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK
Sondre Lernes og Eline de Leeuw i Norges tøffeste 2022

Det blir nokre vonde opplevingar i Norges tøffeste.

Trygve Røn i Norges tøffeste 2022

Velkommen til syrefest.

Tunge tak

Av og til må ein berre klamre seg fast.

Slitne deltakere i Norges tøffeste 2022

På knæa, eller lenger ned.

Joachim, Brage, Hanna og Bente

Heldigvis blir det også nokre fine og artige stunder.

Hangi Ulv Amundsen sparker i lufta i Norges tøffeste

Som når Kung Fu Hangi slår til.

Gler seg mest til konkurransane

Årets utgåve er allereie godt i gang. Jørgine Vasstrand ser at konseptet har endra seg litt sidan første sesong i 2014. Nokon variantar av øvingar er framleis med, andre er fjerna. Hennar eiga yndlingsøving forsvann etter 2015. Nemleg «gjørmebryting».

– Det rauk både skuldrar og kne på den øvinga. Det var nok ikkje like stort fokus på tryggleik den gongen.

Kva gler du deg mest til å vise fram denne gongen?

– Eg gler meg mest til konkurransane. Eg er av den sorten som spoler over alt anna enn konkurransane når eg ser på til dømes Mesternes mester, men eg gler meg eigentleg til å sjå alt. Sjå på nytt at dei er i kjellaren, sjå korleis dei må grave fram krefter og vere ein del av den ekstreme Norges tøffeste-bobla.

Jørgine og Hanna Martinsson i Norges tøffeste 2022

Ikkje berre tøft. Det er plass til litt kos òg, som her saman med Hanna Martinsson. – Eg bryr meg om deltakarane og heiar på dei, seier Jørgine Vasstrand.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

Hvem tror du vinner Norges tøffeste 2022? Stem på din favoritt 🥰