Hopp til innhold

Torstein kan bli Noregs tøffaste – tok seg til finalen på halv tank

Det står att fire finalistar i «Norges tøffeste». Éin av dei er ein 197 centimeter høg brannmann frå Hornnes.

Torstein Hannås i Norges tøffeste

Torstein Hannås er ein av fire som kjempar om tittelen Noregs Tøffeste.

Foto: Erlend Laanke Solbu / NRK

Det er veldig tøft, men det verste er kanskje psyken. Det er lite mat og lite søvn. Når du er sliten, og i tillegg skal gjere ditt beste i konkurranse, blir det tungt.

Gjennom ni episodar har Torstein Risdal Hannås (22) frå Hornnes herja i utgåva av realityserien «Norges tøffeste» på NRK i år.

Han er til vanleg tømrar og brannmann – no også kanskje Noregs tøffaste.

Torstein Hannås i Norges Tøffeste

Torstein Risdal Hannås hadde kanskje ein liten fordel frå bakgrunnen som tømrar da dei skulle stable ein mur med betongklosser i triellen i den åttende veka.

Foto: Erlend Laanke Solbu / NRK

Fire til finalen

Fire deltakarar har tatt seg til finalen: Hedda Schroeter Skaug, Magnus Nybakk Pettersen og Styrk Eriksen.

Den siste plassen var det Torstein som kapra, men ikkje heilt utan problem.

Hvem tror du vinner Norges Tøffeste sesong 5?

Ei noko lite steikt blodpølse kunne ha kome mellom han og den store finalen.

Eg har vore sjuk sidan i dag tidleg og er framleis ikkje frisk. Så eg spring med halv tank, sa Torstein før han slo ut Jesper Rogstad i den aller siste konkurransen før finalen.

Torstein gir pølsa skulda.

Det var noko av det verste eg har smakt. Eg blir kvalm av å tenke på det, så eg lurer på om eg blei matforgifta av den blodpølsa der.

Torstein slo ut Jepser da han var syk

Torstein Hannås slo ut Jesper Rogstad før finalen i Norges Tøffeste.

Foto: Erlend Laanke Solbu / NRK

Harde kår

I programmet måler fem jenter og fem gutar krefter gjennom ulike krevjande øvingar.

Dei har blant anna:

  • bore jerrykanner fulle av vatn for å fylle ein tank på 1400 liter, samtidig som dei er lenka fast i kvarandre i lag på fire
  • konkurrert i å henge så lenge ein kan frå eit røyr over sjøen
  • sprunge i ring for å ta igjen kvarandre med eit tungt bildekk hengande på slep
Norges tøffeste S05E05 Kvadratisk key NRK TV

I lag på fire måtte deltakarane fylle ein tank på 1400 liter med vatn, samtidig som dei var lenka fast i kvarandre.

Norges tøffeste henger i rør over vannet

Torstein Hannås var ein av dei som hang lengst i røyra over vatnet.

Norges tøffeste S05E09 Stemningsbilde NRK TV

I finalen skal Torstein kjempe mot Magnus Nybakk Pettersen...

Norges tøffeste S05E07

Styrk Eriksen...

Norges tøffeste S05E06 Kvadratisk key NRK TV

... og Hedda Schroeter Skaug.

I konkurransane blir det delt ut poeng basert på prestasjonane. Den med flest poeng etter ei veke, blir vekevinnar. Dei tre med færrast poeng, må ut i triell der éin ryk ut.

Og deltakarane må også ta til takke med det dei får servert av næringsstoff under opphaldet.

Dei bur i ganske primitive kår på den nedlagde oljeplattforma Albusjell i Trondheim. Der har dei fått begrensa med mat, og har ikkje hatt tilgang til telefon og klokker.

Ein måtte eigentleg berre ete det ein fekk, for det var ikkje all verda med næring.

Allereie tøffast i éin sport

Til vanleg er Torstein tømrar og brannmann, og handballspelar i 1. divisjon for Randesund IL.

I tillegg er han noregsmeister i brannsport.

I konkurransar finn han alltid eit ekstra gir.

– Ein finn ein ny person i seg sjølv. Det er på ein måte ein annan gneist der, enn den du har på ei vanleg trening.

Han beskriv opphaldet i Trondheim som ei berg og dalbane av ei oppleving. Men, han ville ikkje vore ho forutan.

– Det har vore ei oppleving både på godt og vondt. Eg har vore skikkeleg i kjellaren.

Samstundes blei dei ti deltakarane ein samansveisa gjeng, fortel han.

Det er vanskeleg å møtast, for det er folk frå heile Noreg, men vi held framleis kontakten på sosiale medium.

Torstein Hannås i Norges Tøffeste

Mange av konkurransene har vært harde for Torstein Hannås og dei andre deltakerane.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

Populært program

Programmet har blitt eit av Noregs mest sette på NRK, og deltakarane har imponert sjåarar landet rundt.

Det har Torstein også merka på merksemda han har fått.

– Det blir nokre blikk her og der. Etter ein handballkamp eg spelte i Trondheim stod det ein heiagjeng då eg kom ut frå garderoben for å ta selfiar med meg.

– Det var kjensla av å vere stor stjerne, rett og slett?

Ja, akkurat der fekk eg kjensla av å vere litt kjendis, faktisk.

Finalen blir publisert på NRK TV klokka 18.00 på torsdag.

Fire deltakere – alle sterke på sin måte, vil bli Norges tøffeste. Aldri før har det vært en hardere kamp i finalen.

Fire deltakarar – alle sterke på sin måte, vil bli Noregs tøffaste. Aldri før har det vore ein hardare kamp i finalen.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,17 kr
Dyrest kl. 08 2,04 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %