Hopp til innhold

St. Olav brukte naudrett for å bryte seg inn i pasientjournal

For å sikre liv og helse har sjukehuset fleire gonger brukt «naudrett» for å få tilgang til akutte pasientopplysningar i Helseplattforma.

skjermbilde av helseplattformen

SENDE BREV: Sjukehusdirektør meiner dei har avgrensa moglegheiter til å hindre alvorlege hendingar når viktige avgjersler om feil i Helseplattformen dreg ut i tid (illustrasjonsfoto).

Foto: Morten Waagø / NRK

I eit brev til direktøren i Helse Midt-Norge uttrykkjer sjukehus­direktør Grethe Aasved ved St. Olavs hospital stor redsel over korleis viktige avgjerder om feila i journalsystemet dreg ut i tid.

NRK har prøvd å få ein kommentar frå Helse-Midt i denne saka, men dei har ikkje hatt høve til å svare på spørsmåla våre fredag.

demo mot helseplattformen

Mange tilsette har gått i fakkeltog mot Helseplattformen.

Foto: ingrid lindgaard stranden / NRK

Utfordrande styringsstruktur

Journalsystemet Helseplattforma er innført ved St. Olavs hospital og etter kvart i fleire kommunar i Midt-Noreg.

Mykje fungerer etter planen, mykje gjer det ikkje.

Dei som har ansvaret for systemet sit i ulike selskap og roller.

Helseplattformen AS er IT-selskapet med dryge 300 tilsette. Dei har også sitt eige styre.

Trondheim kommune og andre kommunar som tek i bruk journalsystemet kjøper seg inn i aksjeselskapet.

Sjukehusa, som er ein del av spesialisthelsetenesta, er ikkje medeigarar.

Les også Sykehusdirektøren ut mot Helseplattformen

Grethe Aasved

I kommunane blir systemet brukt i helse-og omsorgstenesta. Fastlegane skulle også vere med, men dei sit på gjerdet, misnøgde med løysinga.

Styret i Helse Midt-Norge har det øvste ansvaret og kan vedta saker mot ønska til dei lokale styra.

Det skjedde sist då Helse Møre og Romsdal ville utsette innføringa av journalsystemet der.

I brevet til Helse Midt-Norge skriv Aasved at sjølv alvorlege problem ved journalsystemet tek for lang tid å løyse fordi så mange skal høyrast.

Langvarig saksgang med lange diskusjoner, uenighet og eskalering til neste nivå i beslutningsstrukturen oppleves spesielt utfordrende når en aktør har behov for rask endring i løsningen for å unngå alvorlig pasientskade.

Grethe Aasved, adm. dir ved St.Olavs hospital Brev til direktøren i Helse Midt-Norge 15. januar 2024

Grethe Aasved, Sykehusdirektør ved St. Olavs Hospital.

Grethe Aasved meiner det tek for lang tid å få ordna problem med Helseplattformen.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Les også Gir Helseplattformen skylda for at folk fikk unødvendig stråling

St. Olavs Hospital i Trondheim ved vinterstid.

Låst journal

Eit av dei tilbakevendande problema med Helseplattforma var at journalen låste seg dersom fleire enn ein helsearbeidar var inne i pasientjournalen samstundes.

Det kunne gjere at livsviktige pasientopplysningar ikkje nådde dei som stod midt i behandlinga.

I april i fjor meinte Statens helsetilsyn dette måtte løysast så fort som mogeleg.

Dataleverandøren Epic i USA skulle jobbe med saka.

I mai fekk St. Olavs hospital til ein avtale med Hemit, dataselskapet til Helse Midt-Noreg, om at helsepersonell kunne ringe eit naudnummer for å få kasta ut andre brukarar.

Men kommunane sa nei til at helsepersonell der kunne bli kasta ut.

Det var då sjukehuset brukte «naudrett» fleire gonger for å få tilgang til livsviktige pasientopplysningar, går det fram av brevet frå direktøren ved St. Olavs.

Først i september gjekk kommunen med på avtalen med Hemit.

Helseplattformen St. Olavs

Pasientar ved St. Olavs er vande med å sjå slike plakatar

Foto: Linda Bjørgan / NRK

Kunne ikkje bruke «lege» i datasystemet

Aasved nemner fleire døme på korleis journalsystemet vart tilpassa for å kunne brukast både i kommunane og på sjukehusa.

  • Kommunane har fått ein «utsett»-knapp i journalsystemet for å sleppe å hente inn eksterne opplysningar om medisin som pasienten har fått.

Sjukehuset vil at denne knappen skal fjernast fordi den kan føre til feilbruk og manglande samordning av medisinar. Dei har fått nei.

  • Ordet «lege» kunne ikkje brukast i journalsystemet. Der heiter det «klinikar» slik at også andre yrkesgrupper enn legar i kommunane kan nytte systemet.

I spesialisthelsetenesta betyr ikkje klinikar det same som lege, påpeikar Aasved i brevet.

  • «Pleieplan» blir ikkje dokumentert på same staden i journalen i den kommunale helsetenesta som på eit sjukehus.

Dermed hamnar dokumenta på ulike stader i journalen og blir vanskeleg å få oversyn over.

Stig Slørdahl og Odd Inge Mjøen side om side på styremøte i Helse Midt-Norge 26.10.23.

Stig Slørdahl (til venstre) er administrerande direktør i Helse Midt-Norge. Til høgre styreleiar Odd Inge Mjøen.

Foto: Grete Thobroe / NRK

Helseapp med ufullstendig medisinoversyn

På helsenorge.no skal alle helseopplysningar om deg finnast når du loggar deg inn.

Pasientar som er innmelde i Helseplattforma blir oppmoda om å bruke appen HelsaMi.

I desember 2022 påpeika St. Olav at legemiddeloversikta i HelsaMi ikkje var korrekt. Sjukehuset ønska at funksjonen skulle skruast av. Dei fekk nei.

I juni i fjor sende sjukehuset eit nytt brev med ønske om at saka skulle behandlast, men dette har enno ikkje skjedd.

Helseplattforma skulle følgje pasienten over alt i helsetenesta. Slik er det ikkje enno, går det fram av brevet frå Aasved.

For å ta vare på pasientsikkerheita har derfor sjukehuset lenge sett inn ekstra tiltak.

Manglende mulighet til å endre løsningen i en felles beslutningsstruktur medfører at spesialisthelsetjenesten må iverksette kompenserende tiltak med varig økt fokus på opplæring og overvåkning

Grethe Aasved Direktør ved St.Olavs hospital Brev til Helse Midt-Norge 15.januar

Les også Helseplattformen får kritikk: – Fungerer klart dårligst

Rachel Dille-Amdam ser på skjermbilde av helseplattformen

Sluttar som direktør i løpet av våren

Brevet frå Aasved er eit svar på ønsket frå direktøren i Helse Midt-Norge. Stig Slørdahl bad om konkrete døme på korleis styringsstrukturen har innverka på ansvaret for pasientsikkerheita ved sjukehuset.

Brevet er skrive 15. januar. Ein dryg veke etter opplyste Aasved om at ho sluttar som direktør i løpet av våren.

I desember fyller ho 70 år.

Ho kom til St. Olav som direktør i 2018.

Sjukehusa i Møre og Romsdal skal innføre journalsystemet i april.

Etter påtrykk frå leiinga i Helse Midt-Noreg satsar no det lokale helseføretaket på at oppgraderingar hos Epic systems i USA og i det lokale utviklingsarbeidet skal gjere Helseplattforma trygg nok og brukarvenleg.