Hopp til innhold

Vurdering av tryggleiken i Helseplattforma skal vere klar i byrjinga av april

Helse Møre og Romsdal får knapp tid på seg til å vurdere om Helseplattforma blir trygg nok til å bli teken i bruk ved sjukehusa sine.

Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset i Molde under bygging.

Om tre månader startar dei første å flytte inn i det nye sjukehuset på Hjelset i Molde. Samstundes kan Helseplattforma bli innført i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Helseplattforma får ei oppdatering 11.mars. Kort tid etter skal vurderinga av pasienttryggleiken vere klar.

Overstyrt av Helse Midt-Noreg

Etter påtrykk frå leiinga i Helse Midt-Noreg satsar no det lokale helseføretaket på at oppgraderingar hos Epic systems i USA og i det lokale utviklingsarbeidet skal gjere Helseplattforma trygg nok og brukarvenleg nok. I dag blei styret i Helse Møre og Romsdal orientert om utviklinga i systemet.

Før jul vurderte både den lokale leiinga og styret Helseplattforma som utrygg for pasientane. Planen er no at Helseplattforma skal innførast, slik Helse Midt-Noreg har bestemt, i slutten av april.

Helse Møre og Romsdal arbeider med ei rekkje tiltak som skal redusere risikoen ved å innføre Helseplattforma. Så skal det kome ei vurdering av pasiettryggleiken få dagar før den planlagde innføringa.

Redusere risiko

Det er no 87 dagar til Helseplattforma skal innførast i Helse Møre og Romsdal.

– Framdrifta i vår eiga innføring er i rute. Der er likevel risikopunkt. Men det er krevjande i klinikkane, og vi ønskjer ikkje at risikobildet skal utvikle seg frå gule punkt til raude, sa Helge Storøy, direktør for e-helse og teknologi.

Olav Lødemel (56) i Helse Møre og Romsdal.

Direktør i Helse Møre og Romsdal Olav Lødemel kan stoppe Helseplattforma ei veke før planlagd innføring 27. april om han meiner det blir for risikabelt for sjukehusa i Møre og Romsdal

Foto: Helse Møre og Romsdal

– Uro over kvaliteten på løysinga

Sjølv om mykje i det lokale innføringsprosjektet er i rute, uttrykte Storøy likevel uro over kvaliteten på deler av sjølve løysingane i Helseplattforma.

– Eg er uroa over kvaliteten på deler av løysinga og over kva innverknad dette vil ha på effektiviteten i drifta vår, sa Storøy.

Les også Helsetilsynet fryktar pasientskadar når Helseplattforma blir rulla ut

TWFiWk7ppW4 Statens Helsetilsyn

– Systemet er oppgradert

Eitt problem som fleire legar har rapportert om er at det ikkje er mogleg for fleire å arbeide i same journal. Problemet har fått namnet «låst journal». I tilbakemeldingane framgår det at i fleire situasjonar kan for eksempel både personell i på ei legevakt og fleire avdelingar på eit sjukehus ha behov for å vere inne i same journal samstundes.

– I siste oppgradering har det no kome inn ei løysing der det er lettare å be andre om å logge seg ut av journaloppføringa. Det er også innført ei løysing som gjer at ein sesjon blir avslutta etter ei tid, om nokon har gløymt å gå ut, sa fungerande direktør i Helseplattforma AS, Siri Beate Berg.

Berg meir enn antyda at problemet med «låst journal» har blitt eit spesifikt midtnorsk problem.

–Epic har ordninga med at berre ein person kan skrive i journalen samtidig på over 1000 sjukehus verda over. Men det er berre i Midt-Noreg dette blir opplevt som eit problem. Og vi får færre rapportar om at dette er eit problem på St. Olavs, sa Berg.

Representantar frå dei tilsette i styret i Helse Møre og Romsdal frå Venstre: Anette Lekve, Torgeir Sand Aas og Tore Schytte.

Representantar frå dei tilsette i styret i Helse Møre og Romsdal har åtvara mot innføringa. Frå venstre: Anette Lekve, Torgeir Sand Aas og Tore Schytte. Frå venstre Anette Lek

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Tiltakspakke

Siri Beate Berg orienterte også om ein tiltakspakke som skal gjere Helseplattforma lettare å bruke for dei tilsette i helsetenestene. I denne pakken ligg det tiltak som skal gjere det enklare å bruke Helseplattforma både når akuttpasientar skal leggast inn, det skal bli lettare å handtere medisinar, å handtere planlagde innleggingar og det skal bli betre løysingar innan psykiatri og rus.

– Vi set strek for ei oppgradering 11. mars. Derifrå og fram til innføring er det viktig med opplæring og stabilisering av systemet. Deretter kan arbeidet med oppgradering av systemet halde fram mot sommaren, sa Berg.

Les også Legane bad om hjelp til å stoppe Helseplattforma

Tillitsvalde for legane i Møre og Romsdal møter Mørebenken

Risiko

Parallelt med oppgradering, innføring og opplæring arbeider Helse Møre og Romsdal med ei prosjekt med å handtere og styre risiko ved innføringa. I prosjektet skal det ligge tiltak som skal redusere risikoen for uønskte hendingar.

– Vi har også diskutert fleire risikoreduserande løysingar som vi har forkasta. Dette var løysingar som rett og slett ikkje let seg gjennomføre, sa fagdirektør Erik Solligård.

Det betyr at Helse Møre og Romsdal har vurdert å ta løysinga for radiologi ut av Helseplattforma. Dei har også vurdert å la vere å ta i bruk løysinga for legemiddel i Helseplattforma. I tillegg har dei vurdert å ta i bruk Helseplattforma i berre ein del av fylket, enten sør eller nord for Romsdalsfjorden. Desse forslaga blei forkasta i januar.

Tiltak

I staden legg Helse Møre og Romsdal ut til å ha stort fokus på at klinikkane har riktig kapasitet til å dekke behova. Eit eige team skal arbeide med at klinikkane skal ha riktig kapasitet. Det blir innført eigne, klinikkvise system for å halde oversikt over kapasiteten og for å vurdere risiko. Det blir også eigne system for å rapportere behov i klinikkane.

Klinikkane får også statistikkverktøy som skal gjere det lettare å følgje med på kapasitet og ventelister. Systemet skal også gje oppdatert oversikt over korleis opplæringsaktiviteten påverkar aktiviteten i klinikkane.

Føretaket legg også opp til ei tett oppfølging av uønskte hendingar som kan relaterast til innføringa av Helseplattforma.

– Her blir det tett kommunikasjon med statsforvaltaren og Helsetilsynet. Det blir mykje arbeid. Eit prosjekt som går på skinner krev mindre arbeid. Dette her er utfordrande, sa Solligård.

Solligård sa at vurderinga av pasienttryggleiken må vurderast mellom 11. mars og påske.

– Då blir det tommelen opp eller tommelen ned, sa Solligård.

Men det er ein tett tidsplan som må følgjast i innspurten fram mot eventuell innføring av Helseplattforma:

  • 6. mars: Styret i Helse Møre og Romsdal får oppdatert orientering om pasienttryggleik i Helseplattforma.
  • 11. mars: Siste oppdatering av Helseplattforma før innføring i Møre og Romsdal skal vere klar.
  • Veke 14 – 15: Risikovurdering skal vere klar.
  • 17. april: Styret i Helse Møre og Romsdal seier ja eller nei til om pasienttryggleiken er god nok.

Innspurt på Hjelset

Dersom Helseplattforma blir innført i slutten av april så skjer dette samstundes med innflyttinga i det nye sjukehuset på Hjelset. Der er fleire av romma ferdig utvaska og klare for innflytting og møblering.

Fleire område er tilkobla permanent straum og der lyser det frå vindauga på bygget. Kjøkenet er den første delen som blir teken i bruk. Det skjer i slutten av april.

No pågår innkjøp av medisinteknisk utstyr til sjukehuset for fullt.

Samla kostnader ligg no på 4,7 milliardar kroner.

Til våren skal også den endelege planen for SNR i Kristiansund vere klar.

Vanskeleg økonomi

Etter eit år med over 70 millionar kroner i overskot går Helse Møre og Romsdal inn i eit år med svært trong økonomi. I mars kjem ein detaljert plan om korleis føretaket skal spare pengar.

Innføringa av Helseplattforma er med på å skape ein trongare økonomi. Sjølve innføringa kostar pengar i seg sjølv. I tillegg går aktivieten ved sjukehusa ned som følgje av at dei tilsette skal ha opplæring.

Storparten av nedgangen i økonomien handlar om at det i langtidsbudsjettet var budsjettert med auka inntekter, medan Helse Møre og Romsdal rapporterer om realnedgang i overføringane frå staten.

Det er auke i overføringane krone for krone, men dette dekkjer ikkje auken i kostnadene, ifølgje budsjettdokumenta.

Styret legg opp til nedsparingar på 155 millionar. Til no er det definert tiltak for 60 millionar kroner.

– Vi må få kontroll på utgiftene i den underliggande drifta, ikkje berre når det gjeld utgiftene som er knytt til innføringa av Helseplattforma, sa styreleiar Ingve Theodorsen.