Hopp til innhold
Steinar Ness og Liv Signe Navarsete
Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Valet 2017 i Sogn og Fjordane

Oppsummert

Liv Signe Navarsete (Sp), Ingrid Heggø (Ap) og Frida Melvær (H) får dei tre faste Stortingsplassane frå Sogn og Fjordane. Tore Storehaug (KrF) har utjamningsmandatet førebels, men Sveinung Rotevatn (V) og Vibeke Johnsen (SV) er framleis med i kampen.

  • Klausen ny ordførar i Askvoll

    Ole André Klausen frå Høgre vert ny ordførar i Askvoll. Det er klart etter at Venstre og Høgre har inngått ein avtale om kven som skal ta over for Frida Melvær (H) når ho reiser på Stortinget. Gunnar Osland (V) held fram som varaordførar. Det formelle valet av ordførar vert gjort i kommunestyremøte den 4. oktober.

  • Rotevatn kan verte statsråd

    Sveinung Rotevatn frå Nordfjordeid er høgaktuell som statsråd i ei ny borgarleg regjering. Det seier fleire sentrale kjelder i Venstre til VG i dag. Rotevatn vart ikkje attvald som stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane. Men no kan han altså få plass i regjeringa om Venstre bestemmer seg for å slå følgje med Erna Solberg.Sjølv seier Rotevatn til avisa at han synest det er hyggjeleg å verte omtalt som statsråd-kandidat.

  • Meiner Venstre bør gå i Regjeringa

    Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) meiner Venstre bør søke regjeringsmakt, sjølv om det medfører å sitje i regjering med Frp. Han meiner at det viktigaste argumentet er at det gir moglegheit til å få ansvar for klima- og miljøpolitikken. – Det er viktig å dreie miljøpolitikken, men også distriktspolitikken, i vår retning, seier han.

    Alfred Bjørlo ved Firda kaserne på Nordfjoreid
    Foto: Privat
  • Nærmar seg for Storehaug

    No er 99,8 prosent av alle stemmene i heile landet talt opp og slik det ser ut vert det Tore Storehaug (KrF) som tar utjamningsmandatet frå Sogn og Fjordane. Det står framleis att finteljing av stemmer og marginane er små. For om Terje Breivik (V) i Hordaland får 19 stemmer til går han inn på distriktsmandat der, noko kan opne for at Sveinung Rotevatn (V) kan vinna tilbake sin Stortingsplass frå Sogn og Fjordane.

Stortingsrepresentanter i Sogn og Fjordane

RESULTAT100 % opptaltOppdatert 06.10.2017, kl. 13:04
  1. Liv Signe Navarsete
    65 år, Senterpartiet
  2. Ingrid Heggø
    62 år, Arbeiderpartiet
  3. Frida MelværNY
    52 år, Høyre
  4. Utjevningsmandat
    Tore StorehaugNY
    32 år, Kristelig Folkeparti
Vibeke Johnsen (SV), Ingrid Heggø (V), Liv Signe Navarsete (Sp), Stein Malkenes (MDG), Tore Storehaug (KrF), Sveinung Rotevatn (V), Frida Melvær (H) og Britt Dalsbotten (Frp). Debattleiar er Erlend Blaalid Oldeide.
Steinar Ness og Frida Melvær
Programleiar Erlend Blaalid Oldeide
Programleiar Erlend Blaalid Oldeide