Hopp til innhold

Ho vert rådgjevaren til fiskeriministeren

Britt Dalsbotten (Frp) vart i Kongen i statsråd i dag tilsett som politisk rådgjevar for fiskeriminister Per Sandberg.

Britt Dalsbotten

GLAD: Britt Dalsbotten fekk beskjeden om sin nye jobb i går, men har først i dag fått fortelje om det. – Eg vart hoppande glad og ville fortelje om det til alle, men fekk ikkje lov. No er eg glad for å kunne seie det til folk, seier Dalsbotten.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Det blir kjempestas. Eg har sagt gjennom heile valkampen at det er næringspolitikk eg brenn for og å få jobbe i Fiskeridepartementet ser eg veldig fram til, seier Britt Dalsbotten til NRK.

For så lenge Erna Solberg (H) har vore statsminister og det har vore blåblå regjering har ingen frå Sogn og Fjordane hatt ei einaste rolle i regjering. Verken som statsråd, statssekretær eller politisk rådgjevar.

Men no vert Dalsbotten altså den første.

Byrjar neste veke

Tida etter valkampen skildrar ho som eit vakuum, men no ser ho framover til si nye rolle.

– Eg byrjar alt på måndag. Eg ser fram til å ta fatt på nye utfordringar, seier Dalsbotten.

Per Sandberg

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp).

Foto: Marit Garfjeld / NRK

Under den raudgrøne regjeringa til Jens Stoltenberg (Ap) hadde Sogn og Fjordane på det meste to statsrådar. Det var fornyingsminister Heidi Grande Røys (SV) og samferdsels- og seinare kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp). Bård Vegar Solhjell sat som kunnskapsminister i same regjering, men han representerer Akershus på Stortinget. I tillegg var det fleire statssekretærar frå fylket.

Men dei siste åra har det ikkje vore nokon om vi ser bort frå statssekretær ved statsministeren sitt kontor Himanshu Gulati og statssekretær i landbruksdepartementet, Hanne Maren Blåfjelldal, begge Frp. Gulati budde i Lavik til han var ni år gamal og Blåfjelldal var ein kort periode lærar i Høyanger.

– Eg trur det er tilfeldig at vi ikkje har hatt nokon under denne regjeringa, seier Dalsbotten.

Framtidig vekst

Då skattelistene vart gjort offentlege i dag viste oversikta frå fylket at fleire av dei med høge inntekter i fjor kjem frå fiskerinæringa.

– Eg vil jobba for å legge til rette for at dei får endå betre rammevilkår. I framtida, når olja tek slutt, så vert havet vår viktigaste næring og prisane har auka kraftig den siste tida, seier Dalsbotten.

PRESISERING: Vi har endra nokre faktaopplysningar etter at artikkelen første gong vart publisert. Bård Vegar Solhjell frå Naustdal representerer Akershus på Stortinget og statssekretærane Gulati og Blåfjell har begge band til Sogn og Fjordane.