Hopp til innhold

Ho fekk flest strykingar under valet

Ingrid Heggø fekk flest stryk av alle stortingskandidatane. Her er dei mest upopulære listetoppane.

Ingrid Heggø

STRYK: Ingrid Heggø har sete 12 år på Stortinget for Ap. No er ho attvalt til fire nye år. Samtidig var ho den stortingskandidaten i fylket som fekk flest strykingar.

Foto: NRK

Ein gjennomgang av talet på strykingar og renummereringar på vallistene syner kven av listetoppane som var minst populære hjå sine eigne veljarar.

Det er dei færraste som faktisk endra på listene under stortingsvalet. Ap-veljarane er dei som oftast endrar, over 18 prosent av røystesetlane.

Det er Ap sin førstekandidat, Ingrid Heggø, som får flest stryk. Over 3 prosent av Ap-veljarane ville vrake henne frå fyrsteplassen.

  • Sjå heile lista nedst i saka.

Heggø er på ferie, og har valt å ikkje kommentere tala.

Trøyttleik i veljarmassen

Knut Henning Grepstad

TAL OG VAL: Knut Henning Grepstad har i ei årrekkje analysert og kommentert valtal frå Sogn og Fjordane.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Knut Henning Grepstad har kommentert tal og val i Sogn og Fjordane i ei årrekkje.

– Det ser ut som det har vore ein liten aksjon for å flytte Ingrid Heggø nedover, og Hilmar Høl oppover. Det er truleg i indre Sogn det har skjedd. For vi ser ein tilsvarande aksjon hjå Senterpartiet, der årdølen Aleksander Øren Heen blir hyppig renummerert.

– Ingrid Heggø har sete lengst på Stortinget av alle. Samtidig er det ho som får flest strykingar i tal og nest mest i prosent. I kva grad er dette ei mistillitserklæring frå veljarane til førstekandidaten?

– Det er for sterkt å formulere det slik. For tala er jo ganske små. Samtidig ser vi ein viss trøyttleik i veljarmassen, og eit visst ønskje om fornying, seier Grepstad.

Årdølane mobiliserte

For vi ser ei mobilisering rundt kandidatane frå Årdal.

Andrekandidat Hilmar Høl frå Ap og fjerdekandidat Aleksander Øren Heen frå Sp vart renummerert i hundretal av sine veljarar.

Høl heile 914 gonger. Øren Heen 887 gonger.

Steinar Ness og Hilmar Høl

TO PÅ TOPP: Hilmar Høl (Ap) og Steinar Ness (Sp) var dei som fekk flest strykingar i fylket, nest etter Ingrid Heggø (Ap).

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Populære sistekandidatar

Nokre av sisteplassane på listene synte seg å vere populære hjå veljarane.

På tiandeplass hjå SV stod tidlegare statsråd og stortingsrepresentant Heidi Grande Røys. Heile 121 veljarar ville flytte ho opp på lista.

På tiandeplass hjå Høgre stod Førde-ordførar Olve Grotle. Heile 394 Høgre-veljarar ville flytte han høgare på lista. Samtidig var det 178 som ville stryke han heilt.

– Det ser ut som veljarane i Høgre vil markere at Olve Grotle er ein populær kandidat som bør opp og fram. Og det same for SV når det gjeld Heidi Grande Røys. Desse to var sistekandidatar, fortel Knut Henning Grepstad.

– Dei blir kalla ankerkandidatar. Dette er kjente namn som står på sisteplass for å syne veljarane at dei støttar partiet og lista.

Stryk til stortingsvalet i Sogn og Fjordane 2017

Namn

Strykningar

Renummerering

Rettingar totalt

Prosent av veljarane som gav stryk

Ingrid Heggø, Ap

463

490

953

3.03%

Hilmar Høl, Ap

320

914

1234

2.09%

Steinar Ness, Sp

284

421

705

1.53%

Liv Signe Navarsete, Sp

281

322

603

1.52%

Frida Melvær, H

257

224

481

2.19%

Helge Robert Midtbø, Ap

236

619

855

1.5%

Sven Flo, H

212

425

637

1.79%

Britt Dalsbotten, Frp

189

127

316

3.07%

Olve Grotle, H

178

394

572

1.53%

Aleksander Øren Heen, Sp

92

887

979

0.49%

Sveinung Rotevatn, V

40

31

71

1.56%

Vibeke Johnsen, SV

32

47

79

1.15%

Tore Storehaug, KrF

26

31

57

0.96%

Stein Malkenes, MDG

24

42

66

1.70%

Ingunn Kandal, R

22

19

41

2.78%

Heidi Grande Røys, SV

11

121

132

0.38%

Ekspander/minimer faktaboks

Her er eit utval av nokre sentrale politikarar i årets stortingsval i Sogn og Fjordane.