Hopp til innhold

– Vi står for det vi har sagt

KrF har ikkje gjort anna enn kva partiet gjekk til val på. Slik kommenterer nyvald stortingsrepresentant Tore Storehaug det faktum at partiet hans onsdag sa nei til å gå i regjering med dei andre borgarlege partia.

Tore Storehaug, Kristeleg Folkeparti

NEI TIL REGJERING: Tore Storehaug vil ikkje ut med kva for saker han ser for seg kan gjere samarbeidet med regjeringa vanskeleg dei komande fire åra.

Foto: Ådne Sandvik Dyrnesli / NRK

Onsdag ettermiddag vart det klart at samtalane om eit borgarleg regjeringssamarbeid der KrF ikkje førte fram. KrF ønskjer ikkje å sitje i ei regjering med Framstegspartiet eller å inngå eit forpliktande samarbeid med ei regjering der Frp er med.

I staden vil partiet heller samarbeide med regjering om enkeltsaker i budsjettet og val av stortingspresident. Det er framleis uvisst om Venstre vert med i ei ny regjering.

– Ser ingen grunn til å samarbeide med Frp

Nyvald stortingsrepresentant frå KrF i Sogn og Fjordane, Tore Storehaug, har delteke i samtalane både i stortingsgruppa og landsstyret til partiet. At dei no har trekt seg frå regjeringssamtalane meiner han syner at partiet er til å stole på.

– Gjennom heile valkampen, sa vi at vi ikkje kom til å vere ein del av ei regjering der Framstegspartiet er med. No er vi ferdig med valet, og vi har hatt nokre samtalar i lag med dei andre partia som peika på Erna Solberg som statsminister. Og då seier vi det same som vi sa før valet; at det ikkje er nokon grunn til at vi skal gå inn i ei regjering der Frp er med. Difor har vi valt å avslutte desse samtalane no, seier Storehaug.

– Ingen blankofullmakt

Han lovar no at KrF vil vere eit konstruktivt parti som vil samarbeide om dei politiske prosjekta og sakene som partiet kan stå bak, og som dei meiner er viktige å få gjennomført.

– Vi skal forvalte fleirtalet på ein god måte. Vi skal vere ein god støttespelar i Stortinget, men det er ikkje snakk om noko blankofullmakt. Regjeringa må forhalde seg til at dei ikkje har eit reint fleirtal bak seg i Stortinget, seier Storehaug.

Held korta tett til brystet

– Kva slags saker ser du for deg at de ikkje kjem til å støtte med ein regjeringskonstellasjon av Høgre og Frp?

– Det for tidleg å konkludere på noverande tidspunkt. Vi har nettopp gått frå samtalane, og det er enno uklart kva for regjering vi får og kva for saker som vert viktige dei komande fire åra.