NRK Meny
Analyse

Dette betyr NRKs tal

Klokka 21 i kveld viser NRK ein prognose. Kva betyr det?

Alle 9 partilederne i Norge
Foto: Montasje / Scanpix

Det mest dramatiske tidspunktet på valkvelden er klokka 21 når NRK og andre norske mediehus for første gong har lov til å formidle resultat. Det fører til jubel på nokre valgvaker og avventa, matte, nervøse smil på andre. Men kva betyr eigentleg tala?

Spådom om sluttresultat

Det du får presentert på NRK1, radio og nrk.no klokka 21 er ein prognose. Prognosen vil endre seg utover kvelden og nærme seg det endelege resultatet. Ein prognose er eigentleg ein kvalifisert spådom om sluttresultatet.

Spådommen du får klokka 21 viser kor stor oppslutnad vi forventar at kvart enkelt parti har når alt er opptalt. Og ikkje minst viser prognosen kor mange mandat vi kan rekne med at kvart enkelt parti har på Stortinget i perioden 2017-2021.

NRK lagar ikkje sin eigen prognose. Det er Valgdirektoratet som er ansvarleg for utrekninga av den prognosen NRK brukar.

Korleis er prognosen laga?

Grunnlaget for prognosen er dei stemmene som er ferdig opptalte før klokka 21. I år har fleire enn ein million personar – heile 27,3% av veljarane – stemt på førehand. Dei aller fleste av desse stemmene vil vere opptalt innan klokka 21. I tillegg vil ein del stemmer frå valdagen, der stemmelokala stenger før klokka 21, vere ferdig opptalte. Altså finst det rundt ein million stemmer som ligg til grunn for prognosen.

Litt enkelt sagt blir dei ferdigtalte stemmene i kvar kommune samanlikna med tidlegare resultat i same kommune. Slik anslår ein framgangen eller tilbakegangen for kvart parti. Dette blir summert til landsnivå, og så reknar ein inn denne framgangen eller tilbakegangen for kvart parti i den prosentvise oppslutnaden i oppteljinga så langt.

Dermed får vi eit tal som skil seg litt frå opptalte stemmer til no. Altså kan eit parti for eksempel ha fått 15% av stemmene i oppteljinga når klokka er 21, men prognosen kan likevel vise 16%. Det NRK viser er då 16%-talet – fordi det truleg ligg nærmare det endelege resultatet.

Inga valdagsmåling frå NRK

Valdagsmålingar var meir vanlege for nokre år sidan. I ei slik måling kontaktar meiningsmålings-institutta veljarar som har avgitt stemme og spør kva dei stemte. Ei valdagsmåling kan vere meir presis enn meiningsmålingar i forkant av valet fordi folk faktisk har avgitt stemme, men det er dyrt, det krev mange folk, og det er utfordrande å gjennomføre.

I 2009 viste NRKs valdagsmåling at SV fekk 9,8%. Det stemte dårleg, partiet fekk berre 6,2% til slutt. Men uansett om ei slik måling skulle treffe betre enn i 2009, så varer den ikkje lenge.

Etter kort tid på valkvelden vil dei innkomne resultata og ein god prognose vere ein betre spådom for sluttresultatet enn ei valdagsmåling er. NRK har difor valt å ikkje bruke valdagsmåling i år.

Dei to blokkene

Årets valkamp har hatt to klare statsministerkandidatar; Erna Solberg og Jonas Gahr Støre. Ein av desse kjem til å danne regjering. På den blå sida har fire parti erklært at dei støttar Erna Solberg som statsminister. Solbergs parti Høgre har støtte frå FrP, KrF og Venstre.

Dei andre partia som kan kome inn på Stortinget er i opposisjon til Høgre-FrP-regjeringa og har sagt dei ønskjer å kvitte seg med den. Det er Støres Ap saman med Sp, SV, MdG og Raudt. MdG er opne for at partiet kan støtte både Solberg og Støre som statsminister, men partiet er krystallklart på at dei ikkje støttar ei regjering der FrP er med.

Vi viser difor dei fem raude og grøne partia i ei raud blokk og dei fire andre i ei blå blokk på valkvelden. Prognosen vår spår kva for ei side som har fleirtal.

På Stortinget sit 169 representantar. 85 mandat gir fleirtal. Ei regjering må sørge for å ikkje få eit fleirtal mot seg. Får den blå sida 85 mandat eller meir, kjem Erna Solberg til å vere statsminister i haust. Får den raude blokka 85 mandat eller meir er det sannsynleg at Støre kan bli statsminister.

Men vi viser ikkje berre raudt og blått, det er eit litt for enkelt bilde av politikken. I løpet av valkvelden kjem vi til å syne fram heile fargekartet og ulike vegar Solberg eller Støre har til fleirtal.

Kan vi stole på tala?

Eit spenningsmoment i år har vore om tiltaket med manuell telling vil forseinke rapporteringa og dermed prognosen. All testing og førebuing i forkant tyder på at publikum kjem til å få tal og prognose frå klokka 21. Men mangt kan skje på ein valkveld. Spennande blir det uansett.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger