Valdeltakinga i denne aldergrsuppa låg ved stortingsvalet i år på 54 prosent.
– Vi har observert at valdeltakinga hos denne gruppa har vore på rundt 50 prosent ved dei siste vala. I valet for fire år sidan var det berre 49 prosent av grunnskuleutdanna menn under 35 år som stemte, seier statistikkrådgivar Øyvin Kleven i Statistisk sentralbyrå (SSB) til NTB.
Samstundes viser tala frå SSB at i aldersgruppa 18–24 år auka deltakinga ved årets stortingsval.
– Historisk mange unge har engasjert seg i årets val. Samstundes er det er ei fare for at gutane fell utanfor demokratiet, seier Rode Hegstad som er styreleiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU).
Ho er uroa for at det blir store kjønnsskilnader i valdeltakinga.
– Medan unge jenter stemmer meir og meir, fell gutane lengre bak. Politikarane har eit ansvar for å nå ut til og engasjere alle grupper i samfunnet, og vi må rette merksemda mot gutane i åra som kjem, seier Hegstad.
Viktig for demokratiet
Ifølgje LNU, som er ein samanslutning av 95 frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, jobba media, frivillige organisasjonar og politiske parti aktivt i valkampen for å nå unge veljarar.
– Når unge nyttar stemmeretten, blir heile demokratiet styrka. Dette viser at det nyttar å jobbe for å auke valdeltakinga hos dei unge. Det er ein siger for alle dei gode kreftene som jobba for å engasjere unge i årets val, seier Hegstad.
I dei siste vala har valdeltakinga blant kvinnene vore eit par prosentpoeng høgare enn hos mennene.
I stortingsvalet i år var valdeltakinga samla 78,2 prosent, men fordelt på 79,7 prosent av kvinnene og 76,7 prosent blant menn, som er omtrent på same nivå som i 2013.
25 prosent lågare
Blant dei med universitets- eller høgskuleutdanning var valdeltakinga 89,6 prosent, mens den var 89,5 prosent blant dei med vidaregåande utdanning. Hos dei med berre grunnskuleutdanning var den nede i 64,6 prosent.
I dei tre siste stortingsvala har valdeltakinga lege 25 prosent lågare hos dei med grunnskuleutdanning enn hos dei med høgare utdanning.
– Valdeltakinga har alltid vore lågare blant dei med grunnskule samanlikna med dei med universitets- eller høgskuleutdanning, men på 1990-talet var denne skilnaden på rundt 10 prosentpoeng, fortel statistikkrådgivar Øyvin Kleven i (SSB) til NTB.