Hopp til innhold

Vedum: – Vi må ta gjengane på gata

Fleire grove valdsepisodar og skyting og færre politifolk i Oslo. No vil Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum styrke nærpolitiet i hovudstaden og hintar om meir pengar frå staten.

Trygve Slagsvold Vedum på Nyhetsmorgen

KLAR TALE: Trygve Slagsvold Vedum vil at politiet skal klare å ta både gjengane på gata og bakmennene.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Berre dei siste vekene har det vore fleire skyteepisodar. Samtidig hevdar byrådsleiar Eirik Lae Solberg at det har blitt 133 færre politifolk i Oslo det siste året.

Seinast laurdag då ein person blei skoten gjennom vindauge på ein kebabrestaurant i Smalgangen på Grønland.

Eigaren av restauranten, Ali Issam Kanaan, var på jobb då skytinga skjedde.

– Det var skremmande. Eg veit ikkje korleis ein kan beskrive kjensla når du gjer jobben din, og så følast det plutseleg som om du kan forsvinne ut av verda, ut av det blå.

Ein mann i 20-åra fekk alvorlege skader.

Bildet viser Beirut kebab på Grønland i Oslo, der en mann ble skutt natt til søndag 28. april 2024.

Ein mann i 20-åra fekk alvorlege skader då han blei skoten gjennom vindauga på denne restauranten på Grønland i Oslo.

Foto: Hina Jalil

– Knuse pengestraumen

Trygve Slagsvold Vedum er leiar i Senterpartiet og finansminister. Han meiner at regjeringa no prioriterer politiet.

– Det har vore meir pengar inn i politiet, men kostnadene har vore krevjande, seier Vedum til Polisk kvarter.

– Vi må både ta gjengane på gata, men vi må også knuse pengestraumen og ta dei store gutta bak dei som er på gata.

Vedum går langt i å varsle at kan kome meir pengar til politiet alt i år.

– De får sjå når revidert budsjett kjem. Vi skal satse tyngre. Det blir også ein hardare kamp mot narkotika.

Aldri har norske tollere beslaglagt mer våpen og narkotika. Samtidig øker volden, og lørdag ble enda en ung mann skutt i Oslo. Er det fortsatt mulig å stanse utviklingen før vi blir som Sverige?

Aldri har norske tollere beslaglagt mer våpen og narkotika. Samtidig øker volden, og lørdag ble enda en ung mann skutt i Oslo. Er det fortsatt mulig å stanse utviklingen før vi blir som Sverige?

– Vippepunkt

Byrådsleiar i Oslo, Eirik Lae Solberg (H), seier han blir bekymra over at det er grove valdsepisodar i byen nesten dagleg.

– Det første og umiddelbare som skal til er fleire politifolk i Oslo. Dessverre går det i feil retning no, seier Solberg til NRK måndag morgon.

Særleg peikar han på at valdskriminalitet mellom barn og unge aukar mykje og at det viktigaste som kan gjerast er å gje politiet meir ressursar.

– Vi står ved eit vippepunkt i Oslo, ein veldig alvorleg situasjon. Enten får vi bukt med kriminaliteten no, elles utviklar den seg og blir enda verre, meiner Solberg.

Han meiner at Vedum og regjeringa bagatelliserer politiet sine eigne tal over kor mykje ressursar dei har tilgjengeleg.

Les også Skyting på Grønland: – Veit at det er meir enn ein gjerningsperson

Bildet viser Beirut kebab på Grønland i Oslo, der en mann ble skutt natt til søndag 28. april 2024.

Les også 18-åring skutt på Holmlia i Oslo – etterforskes som drapsforsøk

Bård Nafstad

AKTUELT NÅ