Hopp til innhold

Har ikkje bestemt seg for om ho vil fjerne Sylvi Listhaug

Beate Bondevik Lie, leiar i Sogn og Fjordane KrF, har ingen tillit tilSylvi Listhaug, og vil helst ha ho ut av regjeringa. Men den nyvalde fylkesleiaren har ikkje teke stilling til om ho vil støtte mistillitsforslaget mot justisministeren.

 Beate Bondevik Lie. KrF, Sogn og Fjordane

USIKKER: Fylkesleiar Beate Bondevik Lie seier det er delte meiningar i partiet om kor vidt dei skal støtte mistillitsforslaget mot justisministeren.

Måndag møtest landsstyret i KrF for å ta stilling til om dei skal støtte mistillitsforslaget mot justisminister Sylvi Listhaug (Frp). Så langt har alle dei andre opposisjonspartia stilt seg bak forslaget, og gjer KrF det same vil Listhaug verte tvungen til å gå av som statsråd. I ytterste konsekvens kan det og bety at regjeringa går av om Erna Solberg framleis vel å støtte justisministeren sin.

– Har ikkje tillit

Den nyvalde fylkesleiaren legg ikkje skjul på at det har vore spesiell og hektisk veke.

– Det er eit tungt ansvar. Det er mange omsyn å ta. Det er vanskeleg å konkludere før eg har vore på landsstyremøtet på måndag. Eg må først høyre kva dei andre tenkjer og meiner. Men som sagt har eg ikkje tillit til Listhaug, og det er mitt utgangspunkt når eg reiser til møtet, seier Beate Bondevik Lie.

– Skifte kan vere kompromissløysing

Bondevik Lie utelukkar ikkje at helgas utspel frå Sp og Ap om å flytte Listhaug til eit anna departement kan vere ei kompromissløysing også ho kan vere med på.

– Det kan vere ei løysing gitt at ho lærer og ikkje held fram på same måten som ho har gjort hittil. Vert det eit skifte håpar eg at ho har lært og i framtida kommuniserer på ein meir ansvarleg og mindre konfliktskapande måte, seier fylkesleiaren.

– Delte meiningar

Bondevik Lie fortel at saka har skapt stor engasjement i paritet hennar. Gjennomgangstonen er at partifellane ikkje har tillit til Listhaug som statsråd, og at dei helst vil ha ho ut av regjeringa.

– Men når det gjeld mistillitsforslaget er det meir delte meiningar, fortel ho.

Justisminister Sylvi Listhaug (Frp) har understreket at hun gir en uforbeholden unnskyldning da hun kort møtte presse i vandrehallen torsdag i Stortinget.

ORSAKA: Justisminister Sylvi Listhaug (Frp) understreka at ho gir ei uforbehalden orsaking då ho møtte pressa torsdag.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Bakgrunnen for bråket er eit innlegg på Facebook der Listhaug skuldar Arbeidarpartiet for å vere meir opptekne av rettstryggleiken til terroristar enn til Norge sin tryggleik. Det tok ei veke før ho sletta innlegget og torsdag bad ho om orsaking frå talarstolen i Stortinget.

– Usikker på om orsakinga er ekte

Trude Brosvik, gruppeleiar for KrF på fylkestinget, gjekk førre helg av som leiar i Sogn og Fjordane KrF etter ti år. Ho er opprørt over det som har skjedd i det siste.

Trude Brosvik

ULIKE MEININGAR: Trude Brosvik (KrF) har fått mange meldingar om at justisministeren må gå, men at det også er folk i partiet som meiner annleis.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Mistillitsforslaget kjem fordi det er tydeleg at Listhaug meiner dette, og det sat langt inne å orsake. Når ein ser korleis ho poserer ved blomsterhavet, så er eg ikkje sikker på at orsakinga er ekte. Eg forstår at dette opprører langt inn i ryggrada på folk.

Her kan du lese meir om denne saka: