Hopp til innhold

Arve Uglum får Kringkastingssjefens språkpris

Får prisen for «sober», «lågmælt» og «tilbaketrekt» språk.

Arve Uglum fekk Kringkastingssjefens språkpris

FÅR PRIS: – Det er veldig kjekt at det ein gjer blir lagt merke til og sett pris på, seier Arve Uglum (t.h.). Distriktsdirektør Marius Lillelien (t.v.) i NRK delte ut prisen på vegner av kringkastingssjefen.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Programleiaren for «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» er både stolt og glad over å få prisen, men er rask med å dele den med dei andre programskaparane.

– TV-kommentaren er eit veldig godt samspel med lyd, bilete og det folk seier i programmet. Det er dei fantastiske bileta til Torje Bjellaas som gir meg og kommentarane superkrefter, slik at det høyrest bra ut, seier Arve Uglum.

– Takksam for prisen

Uglum får prisen i Oslo i dag.

– Eg er takksam for prisen, og det er fint for meg og dei eg jobbar saman med at det vi lagar blir sett og lagt merke til, seier 44-åringen.

Juryen skriv at prisen går til ein medarbeidar som dyrkar fram dei breie flatene på fjernsyn og at han let dei medverkande skine i programma.

– Han brukar ein nynorsk som er farga av dialekten hans og som kler landskapet i TV-serien, skriv juryen.

– Tydeleg identitet

Juryen meiner forteljarstemma til Uglum har ein tydeleg identitet, og at han nyttar eit nært og kvardagsleg, men også utforskande og originalt språk.

– Setningane er gjennomarbeidde ord for ord, og at dei spelar fint saman med TV-bileta, skriv juryen.

– Nynorsk er ikkje noko val for meg. Eg har ikkje noko anna språk, og då er det uaktuelt for meg å leggje om. Eg er oppteken av eit uakademisk, enkelt og folkeleg språk, seier Uglum.

Har løfta programmet

Sist haust leverte Uglum sin fjerde sesong av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Juryen meiner sogningen har fornya og løfta historieforteljinga i det tradisjonsrike programmet.

– Dei same kvalitetane i språket hans er òg tydelege i dei to sesongane han har laga av serien «Fjellfolk», skriv juryen.

Uglum har i tillegg laga radioserien «Grautmål» for NRK Sogn og Fjordane.