Anders Brunborg utanfor taubanehuset på høgdegarden Brunborg
Foto: Torje Bjellaas/NRK

Anders frykta han ikkje skulle leva lenge nok til å sjå tv-programmet om seg sjølv

«Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» filma einebuarlivet til Anders Brunborg på ei fjellhylle. Før det aller siste opptaket kom den alvorlege beskjeden.

Høgt oppe i ei steil vestlandsli, vel to mil vest for Voss, finst framleis eit eksemplar av ein utryddingstrua rase her i landet: taubanefolket.

Me tenkte vel eigentleg at den tida var svunnen, at me ikkje ville finna fleire menneske til programserien «Der ingen skulle tru at nokon ville bu», som levde på ein slik måte. Men på ei fjellhylle 300 meter over havet klamrar Anders Brunborg seg fast, saman med elleve hus i eit gamalt klyngetun.

Eit fjellgardsliv som folk flest har gitt opp for lengst.

Der oppe treng Anders Brunborg taubana til det meste. Mat, post og eigen ryggsekk dei få gongene i sommarhalvåret han forlèt høgdegarden og går ned den 1000 meter lange stien som snirklar seg nedetter fjellsida.

Høgdegarden Brunborg i Teigdalen

FJELLGARD: Klyngetunet på Brunborg kneisar 300 høgdemeter over Teigdalen i Voss herad. Før budde mange her. No er det berre éin att.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Om vinteren kjem han seg ikkje derifrå på grunn av snø og is. Eit slikt liv i isolasjon er ikkje noko for sambuaren Aud Johansen. Ho bur i Halden om vinteren.

Einsemda skremmer ikkje Anders. Sjølv to kreftoperasjonar har ikkje greidd å driva den 78 år gamle mannen vekk frå Brunborg. Men denne gongen er det alvor.

Det er bratt, det er tungt

Denne høgdegardsmannen har «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» følgt gjennom det siste året. Det har vore eit dramatisk år, sjølv for Anders som har levd eit liv som har vore alt anna enn av den keisame A4-sorten.

Denne morgonen står fotograf Torje Bjellaas og eg i dalbotnen med knekk i nakken og ser opp mot sola som skin på husa på Brunborg høgt der oppe. Her nede har ikkje strålane nådd enno, temperaturen er under frysepunktet, og bøane innetter Teigdalen har framleis den kvite rim-dyna på etter frostnatta.

Torje Bjellaas og Noralv Pedersen ved taubana til Anders Brunborg i Teigdalen

KLAR FOR BRATTA: Dei to programskaparane bak «Der ingen skulle tru at nokon ville bu» – Torje Bjellaas (t.h.) og Noralv Pedersen – gjer seg klar til å bera ein tv-skjerm opp til Anders Brunborg, slik at han får sjå tv-programmet om seg sjølv.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Fotografen ber tungt, slik han alltid gjer når me er på opptak. Nedlest av utstyr som må berast på ryggen, for dei menneska me lagar program om har ikkje bilveg til døra, langt derifrå. Framkomstmiddelet er ofte eigne føter, ein robåt eller ski og pulk.

Denne morgonen har fotografen i tillegg ein 27 tommar stor dataskjerm under armen. Eit beist på 70 centimeter og tung som fy. Dataskjermen skal berast opp til Brunborg av ein heilt spesiell grunn.

Anders skal få sjå den ferdige episoden for fyrste gong. Vanlegvis sender me ut programmet som ei lenke i ein e-post. For internettet har som regel funne vegen også til dei fleste avsidesliggjande plassane i «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu»-verda.

Men ikkje til Brunborg.

Anders har heller ikkje andre måtar me kan få vist det fram på. Så for at han skal få sjå programmet før det blir sendt, er dette den einaste måten å gjera det på.

Ein ting er at fotografen og eg ber på ei bra bør når me startar på turen opp lia. Det går fint. Noko anna er at me er spente, nærast nervøse, på kva vil han seia om programmet.

Tida me har følgt Anders, har vore krevjande for 78-åringen, og han har sleppt oss tett på. Då bør me helst ha greidd å framstilla han på ein rett og finsleg måte.

Anders Brunborg kløyver ved

EIN STOR DUNGE MED VED: Anders Brunborg prøver å liggja litt i forskot når det kjem til veden. Ein veit aldri kva som skjer når ein nærmar seg 80.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

I tillegg har han fortalt om hendingar i fortida som har merkt han, og følgt han gjennom livet.

Turen vår opp fjellsida er ei påminning om dette. Me har ikkje gått mange minuttane i motbakkane før me kjem til den staden der det vondaste skjedde, rett ovanfor den nedste beraren som taubana er spent opp på.

Den svarte dagen i 1953

Anders var ni år gamal. Taubana var ny og hadde snudd om kvardagen på høgdegarden. Tenk, no slapp dei å bera alt opp. 50 kilo tunge kunstgjødselsekkar, mjøl til folk og dyr, og alt anna kunne dei senda med bana.

Taubana hadde gjort livet lettare, men ein sommardag i 1953 skulle bana gjera alt mykje tyngre:

Anders var ni år gamal. Taubana var ny og hadde snudd om kvardagen på høgdegarden. Taubana hadde gjort livet lettare, men ein sommardag i 1953 skulle bana gjera alt mykje tyngre.

MISTA FAR SIN: Anders Brunborg fortel om den fatale taubaneulukka for 70 år sidan.

Ras og oppbrot

Litt ovanfor der faren til Anders datt ned frå taubana, har me sett frå oss sekkane og tv-skjermen. Me ser opp mot berekabelen, der Ola Brunborg hang.

Etter ulukka måtte Anders gå forbi denne staden kvar dag. Han måtte på skulen nede i dalen. Skulevegen ned lia var strabasiøs. Om vintrane måtte han skunda seg forbi visse plassar, som akkurat her i Klype, ei smal kløft der fotografen og eg snirklar oss opp gjennom.

Her fekk Anders alltid beskjed om å ikkje stoppa. For kom snøraset her, kom det fort og sopte med seg alt på vegen.

To år etter tragedien makta ikkje mora lenger å driva fjellgarden. Ho måtte flytta frå Brunborg og tok med seg Anders og dei to yngre søskena hans så langt vekk frå garden ho kunne koma, til Halden.

I grensebyen starta Anders etter kvart vaksenlivet med arbeid på den store papirfabrikken Saugbrugs. Heile tida kjende han draget mot vest.

Høgdegarden Brunborg

KLYNGETUNET: Anders Brunborg har lagt ned eit stort arbeid for restaurera dei elleve husa på Brunborg. No står berre den gamle løa att å setja i stand.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Anders tenkte ofte på det faren hadde sagt før han døydde. Å ta vare på Brunborg blei livsoppgåva.

Sidan 1985 har Anders arbeidd hardt for å setja dei elleve bygningane i klyngetunet i stand att – med god hjelp av mange andre. Fleire av husa er frå 16- og 1700-talet og stod til nedfalls før Anders byrja restaureringsarbeidet.

For 16 år sidan pensjonerte Anders seg frå papirfabrikken på ein fredag. Måndagen etter flytta han frå Halden og tilbake til Brunborg, og har budd og arbeidd på høgdegarden sidan.

Sa fyrst nei

Alt før Anders blei fastbuande på Brunborg, byrja den dåverande programleiaren for «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu», Oddgeir Bruaset, å forhøyra seg om å få han med i programmet. Men Anders sa nei. Det hadde han inga interesse av.

Anders sa ja til oss. Med det følgjer eit stort ansvar. Anders og dei andre som er med i programserien, kjem ikkje til oss. Det er me som oppsøkjer dei, og spør om me får filma kvardagen deira. Dei har inga interesse av å bli vist fram for eit stort norsk fjernsynspublikum. Dei bur der dei bur, avsides og langt frå folk, ofte av ein grunn.

Anders har lite på oss. Når me går gjennom granskogen, som han var med på å planta som gutunge, kjenner me nettopp på den tiltrua han har vist oss: Programmet som er lasta inn i tv-skjermen, bør vera den tilliten verdig.

TV-skjermen på veg opp til Brunborg

HALVVEGS: Tv-skjermen har kome seg heilskinna gjennom Klype og nærmar seg Brunborg, der Anders Brunborg ventar på å få sjå tv-programmet om seg sjølv

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Livsoppgåva

Oppe på Brunborg er ikkje Anders heilt i mål med livsoppgåva si. Den gamle løa er den siste bygningen han må redda. Men skal han rekka det, må den kreftsjuke halda seg frisk nok.

Ein vårdag tidlegare i år skulle han få svar på om han var det. Anders skulle gjera noko han ikkje hadde gjort på eit halvt år: Han skulle forlata fjellhylla.

Anders skulle på ein kontroll på sjukehuset på Voss for å finna ut om kreften hadde spreidd seg. Å fara på ein kreftkontroll når du bur på Brunborg, er ei lita dagsreis.

Fyrst må 78-åringen koma seg ned ein kilometer lang og røynande brattbakke. Når han er komen ned, må han køyrast til Voss. Og når kreftkontrollen er unnagjort og han har greidd å koma seg tilbake til Teigdalen, ventar den tyngste biten: Å gå opp alle høgdemeterane til Brunborg.

Anders Brunborg går opp den bratte stien til høgdegarden Brunborg

DET ER IKKJE SOM DET VAR: Pusten går tungt når Anders strevar seg opp den bratte lia til heimgarden Brunborg.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Den maidagen me følgjer han, har Anders nok med å bera seg sjølv. Pusten går tungt. Men krafta som dreg 78-åringen opp den steile lia, er sterk. Å koma seg opp til Brunborg ligg djupt i Anders. Ingenting skal få driva han vekk frå barndommens rike ein gong til.

Og når Anders er komen opp, der fotografen og eg står og kviler no, og berre den siste kneika står att før han er heime på garden, breier smilet seg, slik det ofte gjer på Anders, og han utbryt «no er sigeren her!» i det han kjem opp på sjølve hylla, går bort til utkiksbenken, set seg og pustar ut medan han let augo fara over det han sakna i alle åra han budde austpå: fjella.

Å venta på ein vond beskjed

Anders må venta lenge på svaret på kreftkontrollen. Han kjenner at noko ikkje er som det skal vera, men dyngjer seg ned i arbeid. Veden skal kløyvast, og dungen blir stor. Anders klemmer på, for å sleppa å tenkja på kva kreftkontrollsvaret vil fortelja, og for å vera sikker på å ha nok ved til vinteren og vintrane etter det.

Vekene går, og det skal visa seg at all veden skal koma godt med no. Når «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» skal gjera det aller siste opptaket til programmet, har Anders omsider fått svar på kreftundersøkinga. Det er ikkje lysteleg.

Anders Brunborg og Aud Johansen ber veden inn i vedskjulet på Brunborg

VEDEN SKAL I HUS: Alt arbeidet med veden får tankane vekk frå sjukdommen. Sambuaren Aud Johansen er komen på besøk og er ei god hjelp for Anders.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Anders har fått sju nye kreftsvulstar, fem kular på lungene og to på levra.

Det går innpå Anders, ein mann som elles ser lyst på det meste, og som går laus på dei fleste gjeremål med stor livskraft.

78-åringen blir redd for at han har starta på noko han ikkje får sjå ferdig. Løa er jo ikkje ferdig enno.

Anders er også uroleg for ein annan ting: Skal han ikkje rekka å få sjå «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu»?

Anders får sjå tv-programmet om seg sjølv

Og no er me framme på Brunborg, med ein 70 centimeter stor tv-skjerm under armen og eit ferdig tv-program som me skal visa til hovudpersonen sjølv.

Anders har flagga.

Brunborg

HØGTIDSDAG: Anders Brunborg har hengt opp flagget når me kjem til gards.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Eg kjenner det i magen når eg ser det raude, kvite og blå vaiar oss høgtidsamt velkomen. Dette er viktig for Anders. Og det er viktig for oss. Me har vore så nøgne som me kan, når me har sett programmet saman. No bør det helst falla i smak hjå hovudpersonen sjølv.

Fjellmannen møter oss i døra med eit smil som framleis er breitt og hjarteleg. Han trykkjer handa med godt grep og inviterer oss inn:

– Ja, no er eg spent, seier han i det me kjem inn i stova.

Han har fyrt godt. Stova er varm. Og der i sofaen sit dei to venene hans, Hjørdis Kreken og Knut Mestad. Sjølv om vegen til høgdegarden er meir avbakleg enn til dei fleste andre plassar, besøkjer ekteparet Anders kvar einaste veke. Og dei hjelper han med det meste.

Også dei to er med i programmet og har lyst til å sjå programmet før det blir vist på fjernsynet.

Fyrst må kaffien på bordet, og som alltid i stova til Anders sviv praten vidt, og låtten er lett løysa.

Men i dag er Anders utolmodig. Det er me òg.

Fotografen løfter opp 27-tommaren, leitar fram programmet og testar lyden for å vera sikker på at opplevinga skal bli så bra som ho kan.

Anders har sett seg i den raude godstolen, Hjørdis og Knut i sofaen.

Anders Brunborg ser tv-programmet om seg sjølv.

DER INGEN SKULLE TRU: Anders Brunborg (78) frykta han ikkje rakk å få sjå tv-programmet om seg sjølv.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Skal me setja i gang, spør fotografen. Anders nikkar, og fotografen trykkjer «start».

Kjenningsmelodien til ein av Noregs mest populære og lengstlevande programseriar kling gjennom stova på Brunborg. Og brått dukkar det opp ein kar på skjermen som Anders dreg kjensel på.

Eg sit med notatarket i fanget og kikkar i smug mot Anders for å sjå korleis han reagerer.

– Flotte bilete, bryt han ut når dei fyrste luftige dronebileta av høgdegarden siglar sakte over skjermen.

Smilet forsvinn når ulukka til faren blir fortalt. Det blenkjer i augo til Anders.

Eigentleg var det jo han som skulle ha teke taubana den sommardagen i 1953. Anders hadde lagt seg i vogna for å levera smør nede i dalen då faren kom springande. Faren måtte dra sjølv for å ordna noko på heradshuset.

– Eg har alltid sagt at det er bestemt når du skal ta kvelden, seier Anders:

– Viss det hadde vore meininga, hadde eg dotte ned av taubana og ikkje far min. Det kjem vel ein gong mi tid òg, men eg håpar det går ei stund til.

Nytt håp

Hjørdis og Knut kjem gåande inn i programmet og byrjar å «baksnakka» Anders, eller framsnakka er vel eit rettare ord.

Anders humrar.

Takka vera Hjørdis og Knut, Arild Brekkhus som handlar maten annankvar veke, og Åsmund Lemme som er bas for restaureringa av løa, kan Anders framleis bu på Brunborg.

Det har han tenkt å gjera ei god stund til framover. For Anders har fått nytt håp, i det sluttkjenningsmelodien rullar mellom tømmerveggane i stova, og Anders nikkar anerkjennande til fotografen og meg.

Sjølv om svaret på kreftkontrollen var nedslåande, har Anders snakka med ein ny kreftlege som er spesialist på sjølve medisineringa av dei nye kreftsvulstane.

Det fyrste Anders sa til legen då han kom inn til henne, var:

– Eg håpar eg får leva så lenge at eg får sjå at låven blir ferdig, og at eg får sjå programmet på tv.

– Slik skal du ikkje tenkja, hadde legen svara.

– Du har fleire år igjen.

Då kjende Anders at det letna.

– Og du, hadde ho lagt til:

– Det programmet skal eg òg sjå.

Anders Brunborg

SJÅ PROGRAMMET: – Hjelper det noko anna enn å vera i godt humør, ler Anders Brunborg. – Eg håpar det skal gå bra, og at eg får nokre år til.