Grøn draum i karrig jord Paret har ein djerv hundreårsplan: Å gjere ei lita fjordbygd ved Nordishavet grøn att. I eit arktisk klima blir det ikkje enkelt. Av Raymond Lidal, Noralv Pedersen og Torje Bjellaas
Brudgom – mot alle odds Tor-Evert Grøndal Johansen bur i ein gamal låve på høgdegarden i Valdres og blir oppsett på å flytta inn i nytt, trygt hus. Det set kjærleiken på spel. Av Noralv Pedersen, Torje Bjellaas og Ole Andre Rekkedal
«Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» gjorde Magne Sylvarnes tryggare i livsvalet sitt Plutseleg kom «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» på tunet til Magne Sylvarnes. Det stille livet hans på den veglause garden blei løfta fram for all verda. Kva skjedde? Av Raymond Lidal og Ole Andre Rekkedal
Sju spektakulære reiser heim dit ingen skulle tru at nokon kunne bu 20 år med «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» har bydd på mange uvanlege måtar å kome seg heim. Her er nokre av dei mest spektakulære. Av Raymond Lidal
Emil skal vekse opp utan konkurranse frå mobilen Forskarar og jordmødrer er uroa for mobilbruk framfor born. Utan merksemd frå foreldre kan dei små bli meir utsette for depresjon og angst seinare i livet. Babyen til Line Grøndal og Tor-Evert Grøndal veks opp i enklare kår enn mange andre born. Av Raymond Lidal, Noralv Pedersen og Torje Bjellaas
Skal byte ut traktor med hest og mjølke kyrne for hand Frank og Marit trong ein ny start i livet. Løysinga vart å reise 100 år tilbake i tid. Av Ole Kristian Årdal og Hans Petter Blom
Dette får italienarane til å bli nysgjerrige Filmfestivalen i Italia vart så ivrige på det særnorske tv-programmet at dei bad om å få ein italiensk versjon av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Av Asgeir Heimdal Reksnes
Ein fri villmann Nils Leidal brende passet og flytta åleine opp i ei seterbu i høgfjellet. Der kjenner han seg heil. Men nede i sivilisasjonen er det mange som treng Nils no. Av Noralv Pedersen og Torje Bjellaas
Aud stilte opp på tv for å tvinga lyset inn att i livet Aud Bye (61) hadde mista sonen sin og var midt i ei djup sorg då «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» ville ha ho med i programmet. Av Arve Uglum