Begge bilane som var involvert i trafikkulukka i 17-tida er no fjerna frå E39 over Stordabrua, og trafikken går som vanleg. Fire personar var invovlert i uhellet, der ein bil køyrde på ein annan bil foran seg på vegen. Ein person er sjekka av helsepersonell på staden. Politiet oppretter sak.
Politiet har fått melding om ein motorsyklist som har velta i Nordfjord. Føraren er flydd Førde Sjukehus med luftambualanse og skadeomfanget er ukjent. Politiet er på veg til ulykkestaden for å gjere undersøkingar.
I dag kom søkartala: Bergen dankar ut Trondheim og blir Noregs nest mest populære studentby.
Programleiar er Mariann Reikerås.
Fem menn er sikta for å ha kidnappa og rana ein mann frå Litauen 19. mars i Bergen. Neste natt fann politiet mannen uskadd i ein bil på Trengereid. Dei fengsla dei fem mennene, ein er norsk og fire er frå Litauen, skriv BT.
Deretter oppdaga dei at kidnappingsofferet var utvist frå Noreg for nokre år sidan. Dei stansa han i ein bil på Voss natt til 21. mars. Med seg hadde han over 2,2 millionar kroner i pengesetlar, på veg til heimlandet.
Han er no sikta for grovt heleri, og sit fengsla. Det gjer også dei fire andre landsmennene hans, då retten meiner dei kan rømme landet før rettssaka truleg kjem opp til hausten, skriv avisa.
Det er ikkje meldt om personskadar etter ein bil køyrde ein bil foran seg på Stordabrua i Sunnhordland i 17.15-tida. Det er skadar på køyretøy og det må bli taua, ifølgje Vest politidistrikt. Eit vegfelt er stengt og politiet dirigerer trafikken på staden.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.