NRK Vestland

Hopp til innhold

Siste nytt

  • Blei meldt om røykutvikling - var hærværk og pulverapparat

    Brannvesenet rykka ut då dei fekk melding om røykutvikling i eit garasjeanlegg. Det var i ein kjellar på eit større kommunalt bygg i Borggata i Leirvik på Stord. Det viste seg å truleg vere hærverk og røyken frå eit tømt pulverapparat. Altså ingen brann, opplyser Nils Simmerøy, vaktleiar i 110-sentralen Sør Vest, til NRK.

  • Trafikken går som normalt over Stordabrua

    Begge bilane som var involvert i trafikkulukka i 17-tida er no fjerna frå E39 over Stordabrua, og trafikken går som vanleg. Fire personar var invovlert i uhellet, der ein bil køyrde på ein annan bil foran seg på vegen. Ein person er sjekka av helsepersonell på staden. Politiet oppretter sak.

  • Motorsyklist velta

    Politiet har fått melding om ein motorsyklist som har velta i Nordfjord. Føraren er flydd Førde Sjukehus med luftambualanse og skadeomfanget er ukjent. Politiet er på veg til ulykkestaden for å gjere undersøkingar.

  • Sjå Vestlandsrevyen klokka 19.30

    I dag kom søkartala: Bergen dankar ut Trondheim og blir Noregs nest mest populære studentby.

    Programleiar er Mariann Reikerås.

    I dag kom søkartala: Bergen dankar ut Trondheim og blir Noregs nest mest populære studentby
Programleiar er Mariann Reikerås.

Fleire nyhende