Hopp til innhold

Sliten festivalsjef på oppløpssida

Eirin Hjørnevik Sandstad tok ein pause frå førebuinga til Mablis-festivalen i helga for å konkurrera i trøbil. Det gjekk så som så.

Eirin Hjørnevik Sandstad tok ein pause frå førebuinga til Mablis-festivalen i helga for å konkurrera i trøbil. Det gjekk så som så.

– Du må ikkje bremsa her! Det er jo nå du skal opp bakken, ropar NRKs Bjørn Olav Skjæveland til trøbil-deltakar Sandstad.

Leiaren av den nye Mablis-festivalen i Stavanger stilte til start med ei litt spesiell opplading. I fleire veker har festivalplanlegging teke det meste av tida hennar, og det har óg gått utover nattesøvnen.

Kombinert med kaffi og smågodt skulle ein kanskje tru at adrenalinet ville ta over, men slik blei det ikkje.

Sandstad hamna heilt nede på 65. plass, bak Sandnes-ordførar Stanley Wirak. Likevel såg ho ingen grunn til å henga med hovudet.

– Eg er fantastisk fornøgd med innsatsen i dag, seier festivalsjefen.

No er ho klar til å ta imot 3000 festivalklare gjester til musikkfest i Vålandskogen.