Hopp til innhold

– Me får aldri svar på korleis dette kunne gått

Alt var duka for rekord med Pål Varhaug i dagens trøbil-konkurranse. Men så gjorde racerbilføraren ein generaltabbe.

Alt var duka for rekord med Pål Varhaug i dagens trøbil-konkurranse. Men så gjorde racerbilføraren ein generaltabbe.

TOP PEDAL: Stor dramatikk då Pål Varhaug skulle slå rekorden i Top Pedal

Tommy Fredvang har 33,3 sekund i NRK Rogaland sin trøbil-konkurranse; Top Pedal. Men i dag var trua stor på at denne rekorden skulle bli slått.

– Pål Varhaug er nordmannen som truleg køyrer aller raskast om dagen, sa NRKs Bjørn Olav Skjæveland om GP2-føraren frå Gjesdal.

Handbrekket på

Men sjølv om også Varhaug sin ambisjon var å slå rekordtida, gjekk det frykteleg gale. Av alle tabbar ein kan gjera, gløymde han å ta av handbrekket før han sette i gang.

– Dette var trøbil, og ikkje skikkeleg bil derfor kan ein gjera slike feil. Eg kjende det var svært tungt, så høyrde eg at de ropte. Når eg fekk av brekket gjekk det mykje fortare.

Trass i skandalen, klarte Varhaug ei imponerande tid. 39,1 sekund er betre enn både Viking-trenar Kjell Jonevret (40,1) og Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø (44,6), og dei køyrde utan handbrekket på.

Top Pedal

Ny sjanse

Reaksjonane var likevel så store frå publikum om at Varhaug måtte få ein ny sjanse, at sambygdingen Skjæveland gav etter for presset.

Dermed fekk ein sliten Varhaug prøva seg med handbrekket av. Då køyrde han inn på tida 33,6 sekund. Tre tidelar bak rekorden.

Men med top rundar etter kvarandre, er det ikkje godt å sei kva han kunne fått til på første forsøk.

– Det er som skotet på Wembley i VM i seksti-eitt-eller-anna, var ballen inne eller ikkje, svaret får me aldri, avsluttar Skjæveland.