Hopp til innhold

Kameraflørting øydela for Mæland

Vokalisten i Elle Melle, Ole Alexander Mæland, trødde seg inn til brukbar tid i Top Pedal, men meiner sjølv han kunne gjort det betre.

Ole Alexander Mæland fekk beste tid så langt i år i Top Pedal.

SJÅ VIDEO: Ole Alexander Mæland trødde seg inn til årsbeste tid i Top Pedal.

– Det var ikkje så tungt. Men eg gjorde ein liten showgest der for kameramannen og det trur eg øydela litt. Men det var brukbart, godkjent så tidleg om morgonen, seier Ole Alexander Mæland, i det han har kryssa mållinja.

Dagens deltakar i Top Pedal spring Maraton, syng på pub, spelar revy - når han ikkje er vokalist i bandet Elle Melle.

I dag møtte han opp i fullt sykkelutstyr. Og det gav resultat, for Mæland trødde seg inn til årsbeste tid på 36,57.

Det er likevel nokre sekund bak Christian Eriksen som i fjor sikra rekorden på 32,88 sekund.

– Det er litt som forventa. Hadde eg teke svingen litt betre og ikkje veiva til kamera så hadde eg nok klart dei tre til fire sekundane, seier Mæland

Top Pedal med Mæland

FULL FART: Ole ALexander Mæland fekk tida 36,57, og gjorde det vanskeleg for reporteren å halde følgje.

Foto: Kristoffer Møllevik / NRK