Hopp til innhold

Sjå kven som er med i Top Pedal!

Med god hjelp frå Kongeparken-sjef Håkon Lund, klarte bamsen Brumle å karre seg til ein 5. plass i NRK Lokalen sin trøbilkonkurranse Top Pedal.

Ingen store forventingar var knytt til Kongeparken sin maskott i Lokalens Top pedal konkurranse, men han imponerte, med litt hjelp.

SJÅ VIDEO: Bamsen Brumle, maskoten til Kongeparken, klarte seg bra i Top pedal, men med litt hjelp.

– Det var ein svært tøff sving, seier Kongeparken-sjef Håkon Lund, andpusten etter å ha dytta Brumle i mål på tida 36,1 sek i Lokalen sin trøbilkonkurranse.

Tida er betre enn idrettsutøvarar, så dei to er svært nøgde. Men sjølv om Lund ikkje er ein idrettsutøvar, seier han at han får mykje mosjon.

– Me som jobbar i Kongeparken går om lag 30 kilometer dagleg.

Kanskje ikkje så rart med tanke på at parken er 300 mål og har over 50 attraksjonar.

Så vil det visa seg om resultatet deira kan stå seg.

Top Pedal