Berre ei veke etter at BMX-utøvar Tore Navrestad slo den gamle Top Pedal-rekorden med over to sekund var det i dag ein annan toppidrettsutøvar sin tur å prøva seg på NRK Rogaland sin trøbilkonkurranse.
Filip Ingebrigtsen etter han tok EM gull på 1500-meter i Amsterdam i sommar. Broren Henrik kom på tredje plass.
Foto: Matthias Schrader / Ap– Navrestad er nok i ein eigen klasse, dette er jo trass alt nesten hans grein. Eg håper likevel at eg kan ha ein sjanse på dei som ligg under han, sa Filip Ingebrigtsen før han starta.
- Les òg:
– Ikkje drit deg ut
Dagens vindforhold gjorde det tungt for den regjerande europameisteren i springing, og etter ein litt treg start så trødde han seg inn på tida 35.32, noko som heldt til ein 10.-plass. Mellom Kristoffer Larsen og Ole Tom Guse.
– Eg er veldig skuffa over meg sjølv. Eg har ligge i skjul og trent veldig på dette her, så det var ein skikkeleg nedtur. Like stor nedtur som OL, seier han.
– Veit far din at du var med på dette?
– Ja. Då eg sa at eg skulle vera med så fekk eg berre beskjed om å ikkje drita meg ut. Det er det han alltid seier; 'Ikkje drit deg ut'.
Konkurransen Top Pedal har blitt arrangert av NRK Rogaland i tre år, og deltakarlista rundar snart hundre deltakarar. Sjå resultatlista her: