Hopp til innhold

Nest sisteplass for Gladmat-sjefen

Gladmat-sjef Mona Vervik deppar ikkje – sjølv om det kunne gått betre i dagens trøbilkonkurranse.

Mona Vervik i Top Pedal

VIDEO: Gladmat-sjef Mona Vervik hamna i mål med nest dårlegast tid i Top Pedal.

Ho kunne ikkje klaga på vêrforholda i dag, Gladmat-sjef Mona Vervik.

Med strålande morgonsol låg alt til rette for ei god tid i den uhøgtidlege trøbilkonkurransen Top Pedal.

Mona starta heller forsiktig i sommarvarmen utanfor NRK sine lokale på Ullandhaug. Såpass forsiktig at utegåande reporter Bjørn Olav Skjæveland måtte spørja om ho hadde handbrekket på.

Det hadde ho ikkje. Men kanskje var tankane meir retta mot Glatmat-festivalen som står for dørene i Stavanger.

Inn mot bakken i løypa fekk uansett Mona meir trøbbel og enda i mål med nest svakaste tid (tida blei 53:40).

Dette er 20,5 sekund dårlegare enn bestemann i konkurranse, Christian Eriksen (med tida 32:88).

– Eg kan leva med dette resultatet. Eg synst det er viktig å nå mål, men hadde nok ikkje sett dette som eit stort nok mål, kommenterer Mona Vervik etter løpet.

PS: Mona Vervik seier Glatmat-gjengen ligg litt før skjema. Gladmaten tek til på onsdag.