Hopp til innhold

Ingen trøbilrekord for ordføraren

Ein heller døgnvill Stavanger-ordførar fekk det tøft i NRK Rogaland sin trøbilkonkurranse.

Christine Sagen Helgø i NRKs trøbilkonkurranse.

Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø i NRK sin trøbil.

Det blei ein tøff start på dagen for Stavanger-ordførar Christine Sagen Helgø.

Etter å ha vore på ein svær konferanse i Houston i USA landa ho på Sola i natt.

Derfor blei det ikkje mange timane med søvn før ho skulle delta i NRK Rogaland sin nye Top Gear-inspirerte fredagskonkurranse «Kjendis i trøbil».

Her inviterer fredagsprogramleiarane Per Øystein Kvindesland og Bjørn Olav Skjæveland lokale kjendisar til trøbil-løypa utanfor lokala til NRK på Ullandhaug.

Målet er ganske enkelt å trø gjennom løypa på kortast mogleg tid.

Tid Sagen Helgø

Tida til Sagen Helgø i konkurransen.

Foto: NRK

Sagen Helgø tråkka i gang med godt mot, men svingen rundt søppeldunken øydela for ordføraren. Her måtte ho ta beina av pedalane for å halda kontrollen.

Tida for konkurransen sin første kvinnelege deltakar blei 44,6 sekund. Det er dårlegast av dei tre som til nå har delteke i den uhøgtidelege tevlinga.

– Det var ganske tungt, og ikkje minst spesielt å stå opp midt på natta for å køyra trøbil, seier Sagen Helgø – som altså for kort tid sidan landa på Sola etter å ha vore på reise i USA.

Dermed blir rekorden til Tommy Fredvang på tida 33,3 sekund ståande. Viking-trenar Kjell Jonevret har andreplassen med tida 40,1 sekund.

Kven blir neste kjendis ut i trøbil-løypene? Følg med neste fredag!