Rapparen og ungdomsarbeidaren, Tore Pang, stilde på startstreken med capsen bak fram, ein smule forkjøla.
– Konkurranseinstinktet er på plass og eg gler meg, var den korte meldinga frå Pang før startskotet gjekk.
Men det blei verken pangstart eller kanonspurt. Tore Pang hamna midt på lista over 36 deltakarar som har vore med i Top Pedal. Ein ekte middelhavsfarar.
Likevel er han nøgd med å ha sykla inn på 39,31.
– Bakken var tung, men det er bra å bli nummer 18 av 36, seier han etter tevlinga.
Kanskje greitt å ikkje ta den heilt ut før han skal sykla 9 mil på trehjulsykkel i morgon.
- Les òg: