Hopp til innhold

– Det viktigaste var å overleva

Han varma opp med ein røyk, og håpte erfaringa frå idrettslinja for 33 år sidan skulle redda han. Sjå korleis stortingspolitikar, Hallgeir Langeland (SV), klarte seg i NRK Rogaland sin trøbilkonkurranse.

Han varma opp med ein røyk, og håpte erfaringa frå idrettslinja for 33 år sidan skulle redda han. Sjå korleis stortingspolitikar, Hallgeir Langeland (SV), klarte seg i NRK Rogaland sin trøbilkonkurranse.

SJÅ VIDEO: Her peisar Hallgeir Langeland på i NRK Rogaland sin trøbilkonkurranse. (Foto: Ole Andreas Bø)

Ein tenker kanskje ikkje plent på kondisjon når ein tenker på Hallgeir Langeland. SV-politikaren som gjerne tar seg ein røyk, men som det også går rykte om at spelar fotball kvar fredag.

Likevel stilte Langeland gladeleg opp til NRK Rogaland sin uhøgtidelege trøbilkonkurranse tidleg fredag morgon.

Idrettserfaring

Hallgeir Langeland

Hallgeir Langeland (SV) er medlem av transport- og kommunikasjonskomiteen i Stortinget.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

I konkurransen konkurrerer kjende folk frå Rogaland på tid i ei trøbilløype utanfor NRK Rogaland sine lokale på Ullandhaug.

– Eg har nok ikkje trent nok, men eg er klar. For 33 år sidan gjekk eg jo på idrettslinja på gymnas, så grunnlaget er på plass, seier Langeland.

Likevel hadde han ikkje større ambisjonar enn å hamna midt på tre. Høgre-politikar og Haugesund-ordførar Petter Steen, er den som har fullført løypa på den dårlegaste tida. Ei tid Hangeland i alle fall ville slå.

  • Sjå korleis det gjekk øvst i artikkelen

Viktigast å overleva

Og etter ein litt vinglete start, kom SV-politikaren seg inn på tida 51:00:00 og slo dermed Petter Steen med ein tidel.

Til sitt forsvar har Langeland dette å dei, til den litt dårlege plasseringa på tabellen (sjå tabellen i høgremargen).

– Eg tok det litt roleg. Du veit at eg 57 år, derfor må eg passa på at eg overlever slike konkurransar, det er viktig, avsluttar politikaren.