Hopp til innhold

«Sykkel-motorvegen» blir endå dyrare – nå er prislappen nær 2 milliardar

For fem år sidan skulle 13 kilometer sykkelveg mellom Stavanger og Sandnes koste 1,3 milliardar kroner. Nå har prisen bikka 1,9 milliardar. Frp forventar at nokon blir halde ansvarlege.

Sykkelveg

Delar av sykkelstamvegen er ferdig, men noko står att. Det endar truleg med om lag 400 millionar fleire kroner enn planlagd.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Alt stig, men samtidig: Ein så stor overskriding var eit sjokk, seier Sola-ordførar Tom Henning Slethei (Frp).

Han og dei andre i styringsgruppa for den såkalla Bymiljøpakken, som sykkelvegen ligg under, fekk tysdag presentert endå høgare kostnadar enn så langt varsla.

Planane i 2008 tilsa ein prislapp på 200 millionar kroner. Sidan har vegen vakse i omfang. I 2017 skulle den koste 1,3 milliardar. I 2020 skulle drygt 13 kilometer sykkelveg mellom Sandnes og Stavanger koste 1,4 milliardar kroner.

Ikkje berre asfalt

Sjølve asfalten utgjer berre om lag 10 prosent av prisen, har Vegvesenet tidlegare sagt til NRK. Erstatning til råka grunneigarar, flytting av kablar, omlegging av avløp og bruer og overgangar for å avvikle trafikk mot motorvegen kostar mest.

Stavanger Aftenblad skreiv om kostnadssprekken først. Det er mellom den nye brannstasjonen i Stavanger og Sørmarka i same by den oppstår.

Årsaka skal mellom anna vere fleire betongkonstruksjonar, og at prisane på stål og betong har skote i vêret. Ein sykkeltunnel som blei dyrare enn venta og auka kostnadar til prosjektering er fleire.

Marianne Chesak (Ap) og Tom Henning Slethei (Frp)

Både fylkesordførar Marianne Chesak (Ap) og Sola-ordførar Tom Henning Slethei (Frp) seier dei er overraska over kostnadssprekken på sykkelstamvegen.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Førebels ender sprekken på 382 millionar kroner.

– Vi må finne kven som er ansvarlege og kvifor det ikkje er varsla tidlegare. Viss ikkje har ikkje styringsgruppa den styringa dei skal ha. Eg forventar at nokon blir halde ansvarlege for ein slik kostnadsoverskriding, seier Slethei.

Fylkesordføraren: Overraska

Styringsgruppa blir leia av Statens vegvesen. I tillegg til Jernbanedirektoratet og Statsforvalteren i Rogaland er ordførarane i Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg med. Det same er fylkesordføraren i Rogaland, Marianne Chesak (Ap).

– Eg blei overraska over ein så stor sprekk så seint i prosjektet, seier ho.

Sykkelvegen heiter også sykkelstamvegen på byråkratsk. Pengebruken er både elska og hata, og fleire bilistar er skeptiske til at det er bompengar frå bilvegen som skal betale for vegen til dei som vil sykle.

Les også Sette opp falske bomstasjonar: – Syklistane bør òg betala

Falsk bomstasjon på sykkelstamvegen

Det avviser Chesak.

– Prosjekt må halde seg innanfor ramma si. Det gjeld også sykkelstamvegen. Den skal ikkje bli finansiert med bompengar, den skal bli finansiert med statlege midlar. Det er viktig at det blir verande på den måten, seier ho.

Eksterne skal sjå på moglege kutt

Gruppemedlemmane fekk munnleg orientering tysdag. Saka står på sakskartet neste møte. Det blir og sett i verk eit arbeid for å sjå kor ein kan kutte kostnadar.

Kari Smådal Turøy er prosjektleiar i Statens vegvesen. Ho seier arbeidet skal bli gjort av nokon som ikkje har jobba med prosjektet til nå.

Prosjektleder sykkelstamveg Stavanger-Sandnes: Kari Smådal Turøy

Kari Smådal Turøy, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Foto: Erik Waage / NRK

– Vi skal ha ein ekstern verdianalyse. Dei skal gå gjennom prosjektet med lupe, og dei skal ikkje ha eit forhold til det frå før, seier Turøy.

Ho seier dei verkeleg har prøvd, og funne nokre sparemoglegheiter. Likevel blir sprekken på 382 millionar og ny totalpris 1907 millionar kroner.

– Situasjonen i verda er usikker. Vi opplever kostnadsauke, og det kan spele inn, seier ho.

Les også Her laget de Norges billigste gangvei – det liker ikke fylkeskommunen

Den nye turstien på Undheim.

Flere nyheter fra Rogaland