Slår tilbake mot kostnadskritikk: – Dyrt å bygga motorveg for syklistar

STAVANGER (NRK): Det er ikkje asfalteringa som gjer at landets dyraste sykkelveg kostar 100.000 kroner per meter, ifølge Vegvesenet. I dag opnar delar av sykkelstamvegen.

Kari Smådal Turøy

SYKKELSTAMVEG: Prosjektleiar i Statens vegvesen, Kari Smådal Turøy, har fleire gonger testa den nye sykkelstamvegen frå Jåttå til Forus. Ho er fornøgd og opplever ikkje støyen frå motorvegen like ved som plagsam.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Onsdag klokka 11 klipper samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) snora for 3,8 kilometer av det som blir Noregs første «motorveg» for syklistar.

Totalt skal det bli drygt 13 kilometer sykkelveg mellom Stavanger og Sandnes med same standard som ein bilveg.

Det betyr eitt sykkelfelt i kvar køyreretning, gul midtstripe og at du kan sykla mellom dei to byane på ein halvtime.

Mest oppstyr har prislappen fått: 100.000 kroner per meter.

Totalkostnaden er rekna til 1,4 milliardar kroner. Delstrekninga som opnar onsdag kostar åleine 330 millionar kroner.

«Heilt sinnssjukt å bruka 1,4 milliardar på ein sykkelveg» og «hinsides dyrt» er blant kommentarane NRK har fått på tidlegare omtale.

Skjemdump kommentarfelt på Facebook, sykkelstamveg

Skjermdump frå NRK Rogaland sine Facebooksider. Viser kommentarfeltet til ein av artiklane om den nye sykkelstamvegen.

Forstår reaksjonane

Prosjektleiaren for sykkelstamvegen i Statens vegvesen forstår reaksjonane, men påpeiker at det gjerne er dei mest negative som ytrar seg i kommentarfelta.

– Så eigentleg er det ikkje ein dyr sykkelveg?

– Jo, det er det. Fordi dei tinga som må til for å bygga den, kostar mykje.

NRK har utfordra prosjektleiaren på kva som gjer at prislappen blir nesten halvannan milliard.

Det vil ho ikkje svara på før heile prosjektet er ferdig i 2023. Men sjølve bygginga under og over sykkelvegkroppen med asfalt utgjer om lag 10 prosent av kostnadsoverslaget, ifølge Vegvesenet.

– Mykje av kostnadane er ikkje knytt til asfalt. Det handlar om alt det andre du må gjera for å kunna bygga, seier prosjektleiar Kari Smådal Turøy, og listar opp følgande punkt:

  • Grunnerverv (erstatning til råka grunneigarar)
  • Flytting av kablar og leidningar
  • Omlegging av avløp
  • Trafikkavvikling mot motorvegen (bruer og overgangar)
Sykkelvegen Stavanger-Sandnes

Det er godt skilta og eigne stasjonar for å reparera sykkelen langs sykkelstamvegen. På stasjonane er det både luft til dekka og verktøy.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Dyrare med bilveg

NRK har med hjelp frå forskarar på Transportøkonomisk institutt (TØI) prøvd å samanlikna meterprisen for sykkelvegen mot meterprisen for norske bilvegar.

Men det blir vanskeleg. Spennet i meterpris for bilveg er veldig stort, og mange faktorar spelar inn.

Prosjektleiar Turøy er uansett klar på at det ville vore dyrare å bygga ein ny bilveg langs E39 mellom Stavanger og Sandnes.

– Det handlar veldig mykje om kor vegen går. Bygger du ein plass der du slepp grunnerverv og slepp å legga om kablar og leidningar, blir det mykje billegare enn å bygga midt i eit tettbygd område.

Prosjektleiaren viser også til at blant prosjekta i bymiljøpakka for Nord-Jæren er det sykkelstamvegen som har mest samfunnsøkonomisk nytte, ifølge kvalitetssikringa.

– Det viktigaste med denne vegen er at du kan sykla utan å vera i konflikt med andre trafikantar. Du kan sykla fort og trygt, seier Turøy.

Sykkelveg

Den nye sykkelvegen er dimensjonert for sykling i 30 km/t.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Støy frå motorveg

Ray Pritchard, som har doktorgrad i transportplanlegging frå NTNU, trur også sykkelstamvegen vil føra til fleire syklistar og meir sykling.

– I Danmark, utanfor København, auka syklinga med 22 prosent. Dette er eit område med høg sykkelandel frå før, så me har grunn til å tru at syklinga vil auka endå meir på Nord-Jæren, har han uttalt til NRK.

Men syklistane som trør av garde på det som truleg er Noregs flottaste sykkelveg, må rekna med ein del støy. Sykkelvegen ligg nemleg like ved ein av landets mest trafikkerte motorvegar.

I tillegg blir det lange strekningar utan støyskjerming.

Aslak Fyhri

Forskar Aslak Fyhri ved TØI.

Foto: Bjørn Ruud / NRK

Forskar Aslak Fyhri ved (TØI) har testa sykkelvegen. Han seier syklistane vil oppleva støyen som plagsam.

– Men når du syklar, blir det ein viss maskering av lyden fordi du har all vindstøyen frå syklinga. Den tar ikkje vekk all lyd, men noko blir faktisk redusert, seier forskaren.

Også prosjektleiar Turøy har testa sykkelvegen. Ho har denne støy-dommen.

– Dersom du står og pratar langs sykkelvegen, er støyen plagsam. Men når eg syklar opplever eg ikkje lyden som plagsam.