Problema har stått i kø i samanheng med innføringa av det nye redningshelikopteret SAR Queen.
Den sterke rotorvinden førte blant anna til at ein ambulanse fekk store skader under ei dramatisk prøvelanding på St. Olavs hospital i Trondheim. Helikoptera kan berre landa på 7 av 21 akuttsjukehus, og nå setter dei også kjeppar i hjula for ei stor sykkelsatsing i Rogaland.
Her er video av den dramatiske prøvelandinga i Trondheim for om lag eitt år sidan.
Sykkelmotorvegen mellom Sandnes og Stavanger, som truleg vil få ein prislapp på nærare 2 milliardar kroner, ligg nemleg tett på helikopterlandingsplassen til det nye sjukehuset, som også er under bygging.
– Heilt absurd
I frykt for at syklistar skal bli blåsne av vegen har det derfor blitt sett opp leskur der folk kan søka ly, og det blir montert varslingsanlegg slik at syklistar kan halda seg vekke i samanheng med landing og letting.
Det er også planta buskar og tre for å dempe vinden.
Ein absurd situasjon, ifølgje Jens Glad Balchen. Han er leiar i Rogaland syklistforening.
Desse skura skal verne forbipasserande for vinden som kjem når redningshelikopteret SAR Queen skal lande.
Foto: Øystein Otterdal / NRK– Dette var oppe då sjukehusplanen blei lagt ut på høyring og skulle til godkjenning i Stavanger kommune. Då tok vi det opp, og sa at dette ikkje var greitt i det heile, seier Glad Balchen.
Han meiner at sykkelstamvegen mistar poenget sitt.
– Du kan ikkje be folk på sykkelstamvegen halde seg vekke. At ein blir tvinga til å søkje ly i eit leskur, er heilt absurd.
Anslår 50 landingar i året
– Det står att å sjå kor kraftig vind det vil bli frå helikopteret. Det veit vi ikkje enno, seier Kari Smådal Turøy, prosjektleiar for den nye sykkelstamvegen i Vegvesenet.
Det som er sikkert, er at det ikkje blir vindstille for forbipasserande under landingane. Anten dei syklar, går eller rir på dei ulike vegane for mjuke trafikantar forbi nye SUS.
Det er anslått at redningshelikopteret kjem til å lande her om lag 50 gonger i året.
Kjartan Lohne, byggjeleiar for uteområda på nye SUS, seier at det er opp til den enkelte å vurdere om dei vil passera når redningshelikopteret landar og tek av.
Kari Smådal Turøy og Kjartan Lohne leier kvart sitt prestisjeprosjekt i Stavanger.
Foto: Arild Eskeland / NRKVarslingsanlegget skal melda frå når det er fire minutt til helikopteret lettar eller landar.
– Då kan forbipasserande halda seg vekke. Viss dei heilt uventa er i området og ikkje beveger seg raskt nok på dei fire minutta, har vi sett opp fire leskur med benkar i som dei kan finne vern bak.
Lohne seier det ligg god planlegging til grunn for alle dei tre prestisjeprosjekta.
– Det nye sjukehuset, den nye stamvegen og dei nye redningshelikoptera vil nok gå godt i hop. Vi antar det blir ein suksess, seier Lohne.
Skal testfly til sommaren
Leiar i Rogaland syklistforening, Jens Glad Bachen er ikkje fornøgd med løysinga.
Foto: Skjalg OmdalJens Glad Balchen på si side meiner at det kunne vore ei betre løysing å legga landingsstaden til helikopteret ein annan stad eller sørgje for betre vindskjerming til sykkelstamvegen.
– Det er tragisk, heile haldninga til det er tragisk. Her skal det ideelt sett vere 10.000 syklistar til dagen, påpeikar Balchen.
Prosjektleiar Turøy har testsykla neste etappe av sykkelstamvegen, som opnar i april.
Kari Smådal Turøy, prosjektleiar for den nye sykkelstamvegen mellom Stavanger og Sandnes.
Foto: Arild Eskeland / NRKTil sommaren er det klart for testflyging av redningshelikopteret med turgåarar og syklistar tett på.
– Vi får ei god måling når vi har prøveflyging i juni om tiltaka vi har gjennomført er dei rette. Det er det all sannsyn for at det er, seier Lohne.