Sette opp falske bomstasjonar: – Syklistane bør òg betala

FORUS (NRK): Syklistar på veg til jobb, blei møtt av to falske bomstasjonar på den nye sykkelvegen mellom Sandnes og Stavanger. Bomaksjonistar står bak stuntet.

Falsk bomstasjon på sykkelstamvegen

Denne falske bomstasjonen blei sett opp på sykkelvegen mellom Stavanger og Sandnes i natt.

Foto: Frida Ripland Moberg / NRK

– Me meiner at syklistane òg kan vera med å betala. At dei ikkje berre skal få råflotte vegar, seier aksjonsleiar Tone Brit Nystrøm i Bomfritt Rogaland.

Sist veke opna delar av det som er Noregs flottaste og dyraste sykkelveg. Vegen som kostar 100.000 kroner per meter, har gleda mange, men vore ein raud klut for andre.

Tone Brit Nystrøm i Bomfritt Rogaland

Tone Brit Nystrøm i Bomfritt Rogaland meiner den nye sykkelvegen er galskap.

Foto: Frida Ripland Moberg / NRK

Sykkelvegen er fullfinansiert av staten, og det vil ikkje bli brukt bompengar for å finansiera prosjektet.

Men nå står det to liksom-bomstasjonar på vegstrekninga. Takrenner som har fått ein grøn farge er forma som ein bomstasjon – med ein boks som skal førestilla eit kamera.

Og det er bommotstandarar som står bak. Motstandarar av bomstasjonar har tidlegare gjort seg merka på Nord-Jæren for sitt store engasjement mot bomringen og rushtidsavgifta, med blant anna store demonstrasjonar i Stavanger og Sandnes.

– Me er ei gruppe som liker å setje ting på spissen for å fortelja kor gale me synest dette er, seier Nystrøm.

Det var lokalavisa Sandnesposten som først omtala saka.

Sykkelveg

Den nye sykkelvegen er dimensjonert for sykling i 30 km/t.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Staten tek milliardrekninga

Medan prisen låg på rundt 200 millionar kroner i 2008, har prosjektet vakse både i pris og omfang etter det.

Nå er totalkostnaden berekna til 1,4 milliardar kroner for drygt 13 kilometer sykkelveg. Strekninga på 3,8 kilometer som nå har opna, kostar aleine 330 millionar kroner.

Prosjektleder sykkelstamveg Stavanger-Sandnes: Kari Smådal Turøy

Prosjektleiar i Statens vegvesen, Kari Smådal Turøy.

Foto: Erik Waage / NRK

– Me synest denne sykkelvegen er galskap. Det er råflott, noko som er skremmande. Vegane våre forfell jo, seier Nystrøm.

NRK har vore i kontakt med prosjektleiaren i Statens vegvesen, Kari Smådal Turøy. Ho ynskjer ikkje å kommentera aksjonen i natt. Men NRK har tidlegare utfordra ho på kva som gjer at prislappen blir nesten halvannan milliard.

Det vil prosjektleiaren ikkje svara på før heile prosjektet er ferdig i 2023. Men sjølve bygginga under og over sykkelvegkroppen med asfalt utgjer om lag 10 prosent av kostnadsoverslaget, ifølge Vegvesenet.

– Mykje av kostnadane er ikkje knytt til asfalt. Det handlar om alt det andre du må gjera for å kunna bygga, fortalde prosjektleiar Turøy.

Det er til dømes grunnerverv (erstatning til råka grunneigarar), flytting av kablar og leidningar, omlegging av avløp og trafikkavvikling mot motorvegen (bruer og overgangar).

– Stor samfunnsgevinst

Trass den stive prisen meiner Transportøkonomisk institutt at det berre trengst 600 daglege sykkelturar for at det skal bli samfunnsøkonomisk lønsamt. Og det er først og fremst på grunn av helsegevinstane det gir å sykla.

Marianne Chesak

Fylkesordførar i Rogaland, Marianne Chesak, seier sykkelvegen gir stor samfunnsgevinst.

Foto: Stine Rørvik / NRK

– Dette er eit spanande prosjekt som skal få fleire til å sykla, og det er det stor samfunnsgevinst i, seier fylkesordførar i Rogaland, Marianne Chesak (Ap).

Ho synest bomaktivistane har vald ein kreativ måte å demonstrera på, men meiner det er viktig å få fram at det ikkje er bilistane som må betala for sykkelprosjektet.

– Det er 100 prosent statlege pengar, som er øyremerka sykkelstamvegen. Lokalt var det difor ikkje mogleg å omprioritera dei midla til noko anna, seier Chesak.

Syklistar på veg til jobb, blei møtt av to falske bomstasjonar på den nye sykkelvegen mellom Sandnes og Stavanger. Bomaksjonistar står bak stuntet.

VIDEO: Slik så det ut når syklistar på veg til jobb, blei møtt av to falske bomstasjonar på den nye sykkelvegen mellom Sandnes og Stavanger.