USA godkjenner norsk kjøp av helikopter
Det amerikanske utanriksdepartementet har godkjent eit norsk kjøp av helikopter av typen MH-60, melder Reuters.
Den norske regjeringa meldte i mars at dei vil styrke Forsvaret med dei nye helikoptera. Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) la i mars vekt på at helikoptera skulle hjelpe Kystvakta til å sikre nasjonal kontroll, og til søk og redning til sjøs.
Anskaffinga har ei venta kostnadsramme på kring 12 milliardar kroner.
Totalt kjøper Noreg seks helikopter, som skal leverast fram til 2027. Det fyrste skal etter planen vere på norsk jord frå sommaren 2025.
– Kjøpet vil støtte USA sine utanriksmål ved å styrke ein Nato-alliert sin tryggleik, skriv amerikanske styresmakter i ei pressemelding.