Hopp til innhold

Tillitsvald bekymra for fagmiljøet etter møte om NH90-tilsette

Tidlegare i vår blei det bestemt at regjeringa sa opp avtalen om NH90 helikoptera. No har Forsvaret hatt møte med dei tilsette om framtida deira.

Møte på Bardufoss helikopterstasjon om framtida til dei tilsette som jobbar med NH-90

Forsvaret har hatt møte om framtida til dei tilsette som jobbar med NH90-helikoptera. Tillitsvald er bekymra for fagmiljøet på helikopterbasen.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Luftforsvaret si leiing forsikrar om at alle tilsette på Bardufoss som har jobba med helikoptertypen NH90 framleis har jobb i Forsvaret.

Usikkerheita har vore stor etter at regjeringa tidlegare i sommar sa opp heile avtalen med helikopterfabrikken.

I dag hadde leiinga møte med dei tilsette.

Der kom det fram at Forsvaret ser på mogelegheiter til å flytte dei tilsette til andre helikopterbasar i landet, eller mellombels til utlandet.

– Vi ser på mogelegheiter både på Bardufoss, og breiare i Luftforsvaret på kor vi kan vidareføre kompetansen. Vi har også begynt dialog med allierte om det kan vere mogelegheit for at folk med maritim kompetanse kan jobbe der ein periode før dei kjem tilbake, seier Øivind Gunnerud.

Han er stabssjef og nestkommanderande i Luftforsvaret

Øivind Gunnerud, stabssjef og nestkommanderende i Luftforsvaret

Øivind Gunnerud, stabssjef og nestkommanderande i Luftforsvaret, fortel at dei jobbar med å finne ei løysing for dei tilsette som jobbar med NH90.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Les også Forsvarsministeren vurderer å dumpe «skandalehelikoptrene» NH90

NH90 forsvarets helikopter

– Spreiar kompetanse for alle vindar

Ragnhild Berglund-Henriksen er flyteknikar på NH90 og tillitsvald for dei sivile.

Ho rekna med at moglegheita for å flytte og jobbe ein annan stad i landet ville komme opp på møte. Henriksen er likevel bekymra for fagmiljøet på helikopterbasen.

– Vi er eit lite miljø med mykje kompetanse som blir spreidd for alle vinder, og det kjenner vi på, seier Berglund-Henriksen.

Sjølv om dei tilsette held seg i ro og ventar på vidare avklaring, tenker mange på kva dei skal gjere no.

– Klart det kjem ei usikkerheit når du får beskjed om at det du jobbar med ikkje skal eksistere lengre. Mange snur seg og lurer på: Kva skjer no og kva skal vi gjere med det?

Ragnhild Berglund Henriksen

Ragnhild Berglund-Henriksen er flyteknikar på NH90. Ho kjenner seg godt varetatt av Forsvaret.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Ifølge Berglund-Henriksen kjenner dei tilsette seg likevel varetatt og set pris på at Forsvaret jobbar med kva som skal skje med dei.

– Vi tenker at Luftforsvaret kjem med det dei kan komme med, og vi gjer det vi kan gjere her for å vareta dei som er på golvet.

Les også Forsvaret vil levere tilbake militærhelikoptre

NH90 forsvarets helikopter

Kritisk til forslaget

– Eg trur ikkje det er ei god løysing å flytte kompetansen innanfor Noreg fordi det vil undergrave kompetansemiljøet på Bardufoss, seier ordførar i Målselv kommune, Bengt Magne Luneng.

 Bengt Magne Luneng

Ordførar i Målselv kommune, Bengt Magne Luneng, meiner ikkje det er ei god løysing å flytte kompetanse ut av Bardufoss.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

Han er kritisk til forslaget til Luftforsvaret om å flytte tilsette til andre flyplassar.

Ifølge han er det eit lite, men viktig og godt miljø på helikopterbasen Lueng er bekymra for at kompetanse forsvinn, også frå Forsvaret dersom personell ikkje ønsker å flytte.

– Å miste personell vil i større eller mindre grad vere svært alvorleg for framtida til Bardufoss flyplass.

Helikoptera har lenge gitt Forsvaret hovudpine.

Helikoptera til 5 milliardar kroner blei bestilt for 20 år sidan, men framleis er ikkje alle helikoptera på plass.

Ikkje er berre tidsfristar brotne. Riksrevisjonen har konkludert med at helikoptera gir færre flytimar enn venta, har høgt vedlikehaldsbehov og store driftskostnadar.

Les også Forsvarsministeren vurderer å dumpe «skandalehelikoptrene» NH90

NH90 forsvarets helikopter

Flere nyheter fra Troms og Finnmark