Hopp til innhold

Flyteknikar sa opp etter NH90-skroting: – Liker ikkje å sitte på ræva

Om lag 60 flyteknikarar har hatt lite å gjere etter at regjeringa skrota NH90-helikoptera, ifølge Noregs offisers- og spesialistforbund. No vurderer Forsvaret å flytte dei tilsette til andre stadar.

NH90 helikopter parkeres av Forsvaret

Forsvaret parkerte NH90-helikoptera tidlegare i vår.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

– Eg er på jobb for å jobbe, eg liker ikkje å sitte på ræva, seier Jørgen Reiersen.

Han er flyteknikar på helikopterbasen i Bardufoss.

Ifølge Reiersen har det vore mykje stillesitting og kaffidrikking for dei om lag 60 flyteknikarane, etter at regjeringa tidlegare i år bestemte å skrote «skandalehelikoptera» NH90.

– Vi har eit oppdrag om å halde flymaskinane ved like, så vi gjer enkelt vedlikehald. Utanom det er det mykje stillesitting.

Reiersen har no sagt opp jobben som flyteknikar i Forsvaret.

Jørgen Reisersen

SLUTTAR: Flyteknikar Jørgen Reiersen har sagt opp jobben på helikopterbasen i Bardufoss. Han synest det blei for lite å gjere på jobb etter at regjeringa bestemte å droppe NH90-helikoptera.

Foto: Øystein Antonsen / NRK

Han blei lei av å ha lite å gjere på jobb og å vente på ei avklaring om korleis arbeidsframtida skulle bli.

– Det blir fort kjedeleg og tørt å vere her. Slik har det vore lenge: Berre sitte og vente på ingenting.

NH90 har lenge gitt Forsvaret hovudpine.

Helikoptera til 5 milliardar kroner blei bestilt for 20 år sidan, men framleis er ikkje alle helikoptera på plass.

Ikkje berre er tidsfristar brotne. Riksrevisjonen har konkludert med at helikoptera gir færre flytimar enn venta, har høgt vedlikehaldsbehov og store driftskostnadar.

Les også Stor usikkerhet etter at «skandalehelikopter» ble skrotet: – Det kom som et sjokk

NH90 forsvarets helikopter

Fryktar kompetanse forsvinn

Onsdag hadde forsvarsleiinga møte med dei tilsette på flyplassen på Bardufoss om jobbframtida deira.

Her fortalde Øivind Gunnerud i Forsvaret at dei ser på mogelegheiter for dei tilsette i Bardufoss, andre stadar i landet, eller mellombels til utlandet.

Torbjørn Bongo, forbundsleiar i Noregs offisers- og spesialistforbund, er bekymra for at helikopterkompetansen skal forsvinne dersom fagmiljøet blir spreidd.

Ideelt sett burde ein fått eit nytt helikopter raskt. Vi burde no starte med å gjere personale klart og i stand til å bruke eit nytt helikopter, seier Bongo.

Ifølge han har flyteknikarane vesentleg mindre arbeid å gjere på jobb etter at helikoptera blei skota.

– Det er klart at veldig mange av arbeidsoppgåvene forsvann i den augeblinken ein sa at ein ikkje skulle fly.

Torbjørn Bongo

Forbundsleiar i Noregs offisers- og spesialistforbund er uroa for at helikopterkompetansen skal forsvinne frå både Bardufoss og Forsvaret.

Foto: NOF

Han er fryktar at fleire kjem til å gjere det same som Reiersen, viss ikkje Forsvaret snart kjem med ein plan som personalet har tru på.

– Eg trur at fleire av dei som eventuelt vurderer å gjere noko anna, også vil forsvinne ut frå forsvaret.

Ønsker å halde på kompetansen

At nokon vel andre alternativ i vente av avklaring rundt framtidig jobbsituasjon er nok ein realitet, skriv oberstløytnant Eivind Byre, i ein e-post.

I følge han er ein av Luftforsvaret sine hovudprioritetar å best mogeleg halde og ta vare på personalet og kompetansen.

Vidare skriv han at dei skal halde drift på Bardufoss flystasjon. Samstundes utreiar Forsvaret moglegheitene for å tilby andre jobbar til dei tilsette.

Vi ser også på mogelegheiter for å bevare kompetanse gjennom utveksling hos nære allierte på maritime helikopter. Ved ei eventuell politisk avgjerd om å anskaffe nye, vil dette vere viktig for ei effektiv og god innfasing.

Møte på Bardufoss helikopterstasjon om framtida til dei tilsette som jobbar med NH-90

I går var det møte i Bardufoss om framtida til dei som har jobba med NH90-helikoptera.

Foto: Hanne Wilhelms

Flyteknikar Reiersen har forståing for at prosessen med å finne ei løysing for framtida til flyteknikarane tek tid. Han er likevel glad for Forsvaret tek tak.

– Eg synest det er veldig bra at dei var ærlege, ikkje la skjul på noko og sa ting slik som det er. Sjølv om det kanskje er fakta som gjer litt vondt, veit du i alle fall kor stoda er.

Les også Forbundsleder om regjeringas beslutning: – Dette holder ikke mål

Torbjørn Bongo