Hopp til innhold

Innsirkling

- Dette er ein svært vellykka roman. Personleg ønskjer eg meg ein oppfølgjar der hovudpersonen får fortelje sin versjon. Det kan bli sterke saker.

Forfatteren Carl Frode Tiller. Foto: Aschehoug

Forfattaren Carl Frode Tiller er ute med sin tredje roman.

Foto: Aschehoug

Carl Frode Tiller har markert seg som ein ekstremt dyktig skildrar av det vanskelege samspelet menneske imellom. For dette fekk han både P2-lyttaranes romanpris og Tarjei Vesaas debutantpris for den første romanen sin, ”Skråninga”. No er roman nummer tre, ”Innsirkling” her.

Dette er ein svært vellykka roman, som rettnok liknar mest på den litt problematiske nummer to-boka hans, ”Bipersonar”, men utan å repetere dei svake sidene ved denne. På same måte som i ”Bipersonar” let han her fleire personar kome til orde for å karakterisere eit menneske som sjølv blir verande taus gjennom heile romanen.

Carl Frode Tiller: Innsirkling. Aschehoug 2007

Carl Frode Tiller: Innsirkling. Aschehoug 2007

Foto: Aschehoug

Fasettar av eit menneske

Det er David denne gongen. Han har tapt minnet, og i ei avisannonse med foto blir familie og kjente av den gåtefulle unge mannen oppfordra til å skrive brev til han for å hjelpe han med å finne tilbake identiteten sin.

Stefaren og ungdomsvenene Silje og Jon svarer på annonsa, og dermed får Tiller vist korleis same person blir oppfatta svært så ulikt av ulike personar, i dette tilfellet ein omsorgsperson, ein kjærast, nei, to kjærastar, for David hadde eit forhold både til Silje og til Jon. I tillegg får vi eit innblikk i liva til brevskrivarane her og no, om lag 15 år etter venene var ferdige med vidaregåande skule og blei borte for kvarandre.

Det vanskelege samspelet

Dei som har lese Tiller før, vil raskt gjette seg til at livet ikkje er enkelt og greitt. Hjå alle handlar det om store problem med å kommunisere smidig og naturleg med omverda. Jon taklar til dømes ikkje at broren kjem innom når han er heime hjå mor, og kjenner seg tvinga til å spele teater, noko han er svært dårleg til:

”- Har de komme allereie? spør eg.

Han ventar litt med å seie noko, stirar meg inn i auga, og gliser, legg ikkje skjul på at han skjønner at eg berre freista stikke meg unna, er like lite taktfull som alltid. Ser på han, kjenner irritasjonen komme, men lét som ingenting, freistar smile.

- Du hørte ikkje bilen, altså? spør han, flirer.

- Eg duppa lite granne, seier eg.

- Akkurat! seier han.” (s 32)

Det er mykje slikt dårleg teater i denne romanen, spelt av personar som ikkje meistrar det sosiale samspelet. Og det er mange storebrør og andre som finn glede i å avsløre dei som forstiller seg.

Ventar på oppfølgjaren

Dette er ein roman fylt av kalde flir og harde, likesæle smil. For ikkje å snakke om gledelaus latter og vondskapsfulle glis. Men dette er likevel ingen misantropisk roman; dei som bruker munnen slik, angrar i sitt stille sinn. Dei gjer det vonde dei ikkje vil, i staden for det gode dei vil, og er dermed fanga i noko dei ikkje kjem ut av.

Kvar vart det så av David oppi det heile? Han blir litt borte etter å ha sett i gang heile historia. Han er sirkla inn, men vi har han ikkje heilt. Personleg ønskjer eg meg ein oppfølgjar der David får fortelje sin versjon. Etter det dei andre har røpa, kan det bli sterke saker.

 

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor