Rekordmange kryssa Den engelske kanal
Nesten 5000 menneske har kryssa Den engelske kanal i små båtar til no i år, ifølge tal frå den britiske regjeringa, melder The Guardian. Det er rekordmange for perioden. Den førre rekorden er frå 2022, då over 4500 personar kryssa kanalen i første kvartal.
Regjeringa har sagt at dei har som mål å stoppe båttrafikken, og at dei ønsker å sende dei som kjem til Rwanda. Men dette er ein politikk som har møtt motstand i Storbritannia.