Hopp til innhold
Et amerikansk flagg vaier i vinden over toppen på Capitol-bygningen i Washington. Bygget er formet i en kuppel og er i hvit stein. Flagget er rødt, hvitt og blått. Himmelen er lysblå med ganske tette skyer.
Foto: Mariam Zuhaib / AP

USA

Oppsummert

Joe Biden er president i USA, hvor det bor mer enn 330 millioner mennesker, fordelt på 50 stater.

  • Erdogan kallar Bidens handtering av studentprotestane «fascistisk»

    Studentprotestane mot krigen i Gaza har auka i USA den siste tida. Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan meiner dei amerikanske styresmaktene sin reaksjon er sjokkerande. Det skriv NTB.

    – Me har sett korleis dei som i årevis har lært oss om demokrati, ytringsfridom og forsamlingsfridom, plutseleg vert fascistiske når det kjem til Israel og Israel sine interesser, sa han, og gjentok at han støttar Hamas.

    Erdogan har sjølv blitt kritisert for å ha undertrykt studentprotestar, etter at han utnemnde ein upopulær rektor på toppuniversitetet Bogazici i Istanbul i 2021.

  • President Biden vil innføra abortlova att om han vinn valet

    I eit intervju med Howard Stern seier USAs president Joe Biden at han vil gjera abortlova til «landets lov», dersom han vinn valet i haust.

    Roe mot Wade-avgjerda frå 1973 sikra retten til sjølvbestemt abort i USA. I 2022 fjerna Høgsterett i USA den føderale retten til fri abort. Det betyr at delstatane bestemmer sjølve om abort skal vera lov eller ikkje.

    Trump seier det er opp til kvar delstad kva for ei lov dei vil skal gjelda.

    I intervjuet med Stern seier presidenten at han gjerne vil stille til debatt mot Trump, men at han enno ikkje veit når dette vil skje.

  • Nedgangen for prisveksten i USA stoppar opp

    Prisveksten i USA enda på 2,7 prosent i mars, samanlikna med same månad i fjor. Det viser ferske tal frå amerikanske styresmakter.

    På førehand var det venta at prisveksten skulle lande på 2,6 prosent i mars, altså klatra den litt meir enn venta.

    På tampen av fjoråret byrja prisveksten å dempe seg i USA, men no har nedgangen stoppa opp – og ein ser i staden at den klatrar igjen.

    Denne prisvekst-målinga, den såkalla PCE-inflasjonen, er ein av to måtar for å måle prisveksten i USA. Det er denne målinga den amerikanske sentralbanken likar best å sjå på.

    Som i Noreg, styrer den amerikanske sentralbanken etter å halde prisveksten på kring 2 prosent.

    Trua på eit rentekutt både i USA har gått kraftig ned dei siste månadane, blant anna fordi ein har sett at prisveksten har byrja å klatre igjen.

    Fleire økonomar meiner at USA først er nøydde til å kutte styringsrenta, før ein kan sjå det same skje i Noreg.

  • Blinken møtte Kinas president

    Den kinesiske presidenten Xi Jinping møtte fredag USAs utanriksminister Antony Blinken i Beijing fredag, ifølge kinesiske statlege medium, melder AFP.

    Blinken møtte tidlegare på dagen også Kinas utanriksminister Wan Yi. Møtet varte i over fire og ein halv time.

    Amerikanske diplomatar seier det var eit omfattande møte, men konstruktivt, ifølge nyheitsbyrået.

    Antony Blinken og Xi Jinping
    Foto: Mark Schiefelbein / Reuters
  • USA gjenopplivar krav om nettnøytralitet

    Det amerikanske teletilsynet har vedtatt krav om såkalla nettnøytralitet. Det inneber at nettleverandørar ikkje kan favorisere enkelte nettstader eller appar.

    Vedtaket frå Federal Communications Commission (FCC) er i praksis ei gjenoppretting av ein gamal regel. Den blei fyrst innført av president Obama i 2015, men oppheva to år seinare av president Donald Trump, skriv NTB.

    Nettnøytralitet er eit prinsipp om at breiband- og nettleverandørar skal behandle all datatrafikk likt. Han hindrar til dømes at nettstader som er villig til å betale kan få raskare nett.

    Telekom-bransjen har vore mot nøytralitetskravet.

    Vedtaket i teletilsynet blei gjort langs partipolitiske linjer. Demokratane stemte for nøytralitetsregelen, medan republikanarane stemte mot.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no