SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri i Årdal, Høyanger og Vik:

Hydro

Hydro er eit verdsomspennande konsern som er mellom dei største innan oljeutvinning og aluminiumproduksjon på kloden. Den norske Staten er hovudeigar i selskapet.

Publisert 26.02.2004 11:50. Oppdatert 20.06.2006 13:03.
I Årdal har Norsk Hydro spela ein rolle – både på godt og vondt – heilt sidan tidleg på 1900-talet, og dominerer industrien i Sogn med aluminiumverka sine i Årdal og Høyanger og vidarefordlingsverksemda i Vik.

Pionértida i Telemark

Norsk Hydro (Norsk Hydro-Elektrisk Kvælstofaktieselskab) vart grunnlagt av den norske ingeniøren Sam Eyde (1866-1940) i 1905 med svensk (Wallenberg), fransk og norsk kapital. Same året, i 1905, vart den første fabrikken for produksjon av syntetisk nitrogengjødsel starta på Notodden i Telemark. Produksjonen baserte seg på ei oppfinning av ein elektrisk lysbogeomn som Eyde hadde utvikla saman med fysikaren Kristian Birkeland (1867-1917).

Kravde mykje kraft

Med Birkeland-Eyde-prosessen kunne dei utvinne gjødsel frå nitrogenet i lufta. Prossessen kravde store kraftmengder, og Hydro bygde i åra fram til 1916 ut Svelgfoss, Såheim og Vemork kraftstasjonar.

Omlegging til petrokjemisk

I 1927-1928 starta Hydro samarbeid med det tyske I. G. Farbenindustrie og gjekk over til ein meir økonomisk produksjonsprosess: Haber-Bosch-metoden for framstilling av ammoniakk. På 1960-talet la ein så om til petrokjemisk basert ammoniakkproduksjon, og produserte etter kvart eit stort utval av gjødselsortar og andre landbruksvarer.

Hydro bygde gjødselfabrikkar både på Herøya ved Porsgrunn, på Rjukan og i Glomfjord, og har seinare vorte eit verdsomspennande konsern med gjødselfabrikkar i fleire land.

Hydro tidleg ute i Årdal

Heilt frå tidleg på 1900-talet var Norsk Hydro inne i fossekjøp og kraftutbygging i dei veldige fossane i Tyinfalla i Øvre Årdal, og dreiv gjennom heile mellomkrigstida store anleggsarbeid i bygda med sikte på utbygging av kraftkrevjande industri – som ikkje vart noko av. – Les meir om dette i eigne artiklar under Historie: Industridraumen som fall i grus.
Innan aluminium bygde Hydro på eiga hand sin første aluminiumsfabrikk på Herøya. Denne vart bomba i grus under 2. verdskrig. Seinare bygde Hydro aluminiumsfabrikk på Karmøy, og fleire vidareforedlingsbedrifter både i Noreg og utlandet.
Hydro vart eigar av aluminiumverk og vidareforedlingsfabrikkar m.a. i Årdal, Høyanger og Vik då konsernet i 1986 vart slege saman med det statseigde Årdal og Sunndal Verk (ÅSV). Med denne fusjonen fekk Hydro også kontroll over enorme kraftressursar m.a. i Årdal og Fortun i Luster. .

Sjå:
· Industribygginga i Årdal
· Hydro Aluminium tek over i Høyanger
· Vik Verk



Oljeutvinning

Nest etter Statoil vart Hydro ein av dei største aktørane i Nordsjøen då det tidleg på 1970-talet vart opna for leiting og utvinning av olje og gass på den norske kontinentalsokkelen. Hydro engasjerte seg også i distribusjon og detaljhandel av bensin og andre olje- og gassprodukt (Hydro/Texaco).

Hydro inn i oljen

I 2004 er Hydro ein av dei største produsentane i verda av olje og gass til havs, og er operatør for 12 olje- og gassinstallasjonar med ein dagleg produksjon på kring 480.000 fat olje pr. dag.
I tillegg til norsk kontintentalsokkel, produserer Hydro olje og gass i Canada, Russland, Libya og Angola, og har aktivitetar i Mexicogolfen og i Iran.

Aluminiumgiganten Hydro

Hydro er den tredje største aluminiumprodusenten med fabrikkar over heile verda.
Hydro spelar også ein framståande rolle globalt i utvikling av vindkraft og produksjon av hydrogen til energiføremål.

36.000 tilsette

Konsernet hadde i 2002 163 milliardar kroner i driftsinntekter og eit driftsresultat på 19,8 milliardar kroner. Hausten 2003 hadde konsernet kring 36.000 tilsette og verksemder i over 40 land.

Delt selskapsstruktur i Sogn

Aluminiumproduksjonen til Hydro er skipa som eigen divisjon under namnet Hydro Aluminium AS. I Sogn er dei to metallverka skipa som eigne askjeselskap med namna Hydro Aluminium AS, Årdal Metallverk AAM, og Hydro Aluminium AS, Høyanger Metallverk.
Kraftproduksjonen i Hydro er organisert i selskapa Hydro Energi Tyin Kraftverk i Øvre Årdal og Hydro Energi Sogn for kraftverket i Fortun i Luster.
Vidareforedlingsfabrikken i Vik i Sogn ber namnet Hydro Aluminium Vik Verk AS.

Omstilling til nye tider

Kring hundreårsskiftet satsa Hydro sterkt på byggjing av aluminiumverk i utlandet, samstundes som metallverk i Sogn fekk varsel om reduksjonar. Ein stor omstillingsprosess vart sett i gang for å skaffe alternative arbeidsplassar for dei som vart ledige i både Årdal og Høyanger, og Hydro sette av mange hundre millionar kroner til omstilling ved verksemdene sine på Vestlandet.
Hydro i Øvre Årdal etter tusenårsskiftet

I 2005 vart talet på tilsette ved verket i Årdal redusert med kring 180.
Same året vart det gjort ein mislukka freistnad på å få det suksessrike selskapet ScanWafer til å byggje ein solcellefabrikk med kring 250 tilsette i Årdal.

I staden kom m.a. selskapet Dooria (sjå Fjordtre Produkter)med hovudkontor i Utvik i Nordfjord inn med planar om ein stor dørfabrikk i Årdal, og Hydro sjølv har lova å investere kring 325 millionar kroner i denne og til omstilling og nyskaping elles i industrisamfunnet inst i Sogn.

I 2006 lanserte firmaet Norsun AS planar om ein solcellefabrikk på Årdalstangen som kan få kring 65 arbeidsplassar når den startar i 2007.

Sjølve har Hydro Aluminium satsa 200 millionar kroner på utviding av Teknologisenter Årdal ATA, som er konsernet sitt forskingssenter for utvikling og prøving av ny teknologi for aluminiumproduksjon.

Innan 2008 skal dei gamle og forureinande Søderberg-omnane ved verket i Øvre Årdal stengjast. Dette fører til at kring 130 tilsette må skaffast nytt arbeid.


MEIR OM ÅRDAL 
Årdal kommune

 
Aviser og media i Årdal
Historia i Årdal
Industri og næring i Årdal
Kjende personar i Årdal
Kommunehistoria i Årdal
Krigshistoria i Årdal
Kyrkjer i Årdal
Samferdsle i Årdal
Skular i Årdal
Verd å sjå i Årdal

 
Lyd frå Årdal
Video frå Årdal
MEIR OM HØYANGER 
Høyanger kommune

 
Aviser og media i Høyanger
Historia i Høyanger
Industri og næring i Høyanger
Kjende personar i Høyanger
Kommunehistoria i Høyanger
Krigshistoria i Høyanger
Kyrkjer i Høyanger
Samferdsle i Høyanger
Skular i Høyanger
Verd å sjå i Høyanger

 
Video frå Høyanger
Lyd frå Høyanger
MEIR OM VIK 
Vik kommune

 
Aviser og media i Vik
Historia i Vik
Hotell og gjestgjevarar i Vik
Industri og næring i Vik
Kjende personar i Vik
Kommunehistoria i Vik
Krigshistoria i Vik
Kriminal- og rovdyrsoger frå Vik
Kyrkjer i Vik
Landhandlar i Vik
Meierihistoria i Vik
Samferdsle i Vik
Skular i Vik
Verd å sjå i Vik

 
Lyd frå Vik
Video frå Vik
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no