SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Kyrkjer i Vik

Hopperstad stavkyrkje er største turistattraksjonen blant kyrkjene i Vik. (Foto: Asle Veien, NRK)
Hopperstad stavkyrkje er største turistattraksjonen blant kyrkjene i Vik. (Foto: Asle Veien, NRK)

Publisert 19.07.2002 13:05. Oppdatert 12.01.2007 15:05.

Hopperstad stavkyrkje

bygd kring 1130. Restaurert/ombygd i åra fram til 1891. Den opphavelege stavkyrkja på Hopperstad var eit langt enklare bygg utvendes enn slik det framstår i dag. Det eineståande interiøret og mykje av inventaret er bevart i sin opphavelege stand.
Barnedåp og konfirmasjonsførebuing i Hopperstad stavkyrkje i 1858. Foto av måleri av H.A.V. Trigt. Foto: VLA

Hove steinkyrkje

Denne kyrkja skal vere den eldste steinkyrkja i Sogn og Fjordane. Den gullforgylte Madonna med barnet frå Hove-kyrkja er eit av dei vakraste og best bevarte kunstykka frå norsk mellomalder.

Vangsnes kyrkje. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Vangsnes kyrkje

bygd 1861. Arkitekt Henrik Nissen. Byggmeister A. A. Åse. Altartavle frå 1891 måla av Christen Brun. Preikestol og det meste av inventaret frå byggjeåret eller seinare. Lysekrune og eit måleri er overført frå ei stavkyrkje frå 1100-talet. Den vart riven i 1861 for å gje plass til ny kyrkje.

Feios kyrkje

bygd 1866. Arkitekt J.W. Nordan. Byggmeister Johannes Arnesen Øvsthus. Altartavle frå 1883 måla av Christen Brun. Nattverdsutstyret er frå 1600-talet, og delar av minnetavle frå 1680 er tekne vare på. Øvrig inventar er frå byggjeåret eller seinare. Ei stavkyrkje frå 1200-talet vart riven for å gje plass til nyekyrkja i 1866. Ved Sogn Folkemuseum er messehakel frå mellomalderen teken vare på, og altar og eindel andre gjenstandar frå stavkyrkja er i Knut Rumohrs samlingar på Frønningen.

Vik kyrkje. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Vik kyrkje

bygd 1877. Arkitekt H. Thorsen. Byggmeister Ole O. Vanberg.

Arnafjord kyrkje

bygd 1880. På Flete i Framfjorden stod ei stavkyrkje i tida ca. 1300-talet til 1645. I 1645 vart det bygd kyrkje på Nese, som vart avløyst av noverande kyrkje i 1880.

Fresvik kyrkje

bygd 1881. Ei stavkyrkje frå 1100-talet vart riven for å gje plas til nyekyrkja i 1881. Kyrkjelyden i Fresvik var ein av dei første i fylket som innførte nynorske salmar. Frå den gamle stavkyrkja er det teke vare på nokre av dei finaste skattane frå norsk mellomalderkunst.

MEIR OM VIK 
Vik kommune

 
Aviser og media i Vik
Historia i Vik
Hotell og gjestgjevarar i Vik
Industri og næring i Vik
Kjende personar i Vik
Kommunehistoria i Vik
Krigshistoria i Vik
Kriminal- og rovdyrsoger frå Vik
Kyrkjer i Vik
Landhandlar i Vik
Meierihistoria i Vik
Samferdsle i Vik
Skular i Vik
Verd å sjå i Vik

 
Lyd frå Vik
Video frå Vik
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no