|
Tangen skule 17. mai 1963. Foto utlånt frå Årdal Sogelag. |
·
Nedlegging av grendaskulane i Årdal
·
Framhaldsskule i Årdal
·
Målføret i skulen
·
Støtte til skulehus på Farnes og Tangen
·
Årdal realskule
·
Lærlingskulen
·
Ni-årig skule i Årdal
Skuleinspektør
vart tilsett i Årdal i 1948, den andre i Sogn og Fjordane. Lovpåbod om skuleinspektør i alle kommunar kom først i 1959.
Skulehage
I 1964 vart det starta skulehage ved Farnes skule. Her dyrka borna eigne grønsaker.
Yrkesskulen
I 1965 vart det starta forsøksordning med yrkesskule i handel- og kontor i det gamle skulehuset på Farnes i Øvre Årdal. Skulen fekk vidaregåande rekneskaps- og økonomiklasse i 1971.
Leirskule
for skuleborn fekk Årdal kommune i Valdres i 1966. Då gjorde Årdal avtale med Vang kommune om å leige Åsvang skule til føremålet. Åsvang vart også brukt til kurs for lærarar og idrettslag fram til den vart avvikla i 1975. Då hadde 3300 Årdalselevar hatt opphald på leirskulen i Valdres.
Husstellskule
vart starta som kommunal skule på Farnes i 1967. Fylket tok over drifta i 1978 som ein del av det vidaregåande skuleverket.
Pedagogisk servicesenter
fekk Årdal i 1974, og pedagogisk-psykologisk tenestekontor 1975.
Dagens kommunale skular i Årdal
Farnes skule (1.-10. klasse) 428 elevar
Tangen skule (1.-10. klasse) 289 elevar