SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 

Industri og næring i Vik

Vikøyri. (Foto: Asle Veien, NRK)
Vikøyri. (Foto: Asle Veien, NRK)
Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Publisert 19.07.2002 13:01. Oppdatert 12.01.2007 12:25.

· Dei første gjestgjevar- og handelsstadane i Vik

Frå gamalt av var det livleg handel mellom kyst- og innlandsbygder i Vik: Folk frå Voss handla salt, fisk og sild i Vik.

· Fabrikkar og verkstader i Vik
· Landhandlar i Vik
· Hotell og gjestgjevarar i Vik
· Oppdrettsanlegg i Vik

· Rutebilane i Vik


ANDRE OMTALER:

Tamreinlag for Vikafjellet

vart første gong skipa i 1843 - sjå eigen artikel om "Tamreindrift på Vikafjellet".

Vik Sparebank

- "...til Sædeligheds Befordring". Vik Sparebank, skipa i 1846, er i 2002 ein av dei få lokale sparebankane som er att i Sogn og Fjordane.

Balvolls Planteskule

vart starta i Vik i 1887, først med frukt- og bærbuskar, men frå 1901 også med granplantar.

Vik Prestegjelds Brannassuranseforening

vart skipa i 1891.

Johannes J. Vangsnes

i Fresvik starta i 1903 fraktebåt- og skipsreiarlag. Sjå "Ferdsla på fjorden i Vik".

Central Kafé

Edvard A. Vikøren starta landhandel i Vik i 1903. Han starta kring 1925 også "Central Kafé", som på folkemunne fekk namnet "Fyliskaféen". Butikken gjekk konkurs i 1917, medan kaféen vart driven til 1945.

Kaffistova kafé

vart starta i 1910 av Peder S. Kvamme på Vikøyri. Dette var første kaféen i Vik, og vart mykje nytta av folk frå "nordstranda" - Nessane og Kvamsøy - der Kvamme opphaveleg kom frå. Kvamme dreiv også målarbutikk på eigedomen. Kaffistova vart nedlagd i 1925, og huset brann i 1955.

Fraktebåt-reiarane Pettersen

I Vik er det familien Pettersen som driv det største reiarlaget.

Johs. Hove AS

Landhandel. Elektrisk installasjon og sal av radioapparat. Johannes Hove bygde i 1930 eit etter måten stort forretningsbygg. Også postkontoret heldt til her 1930-1959. I kjellaren bygde Hove "Vik Folkebad - Karbad og Styrt". Hove-bygget har elles gjennom tida også husa tannlegekontor, frisør, fargehandel, blomsterbutikk, innreiingsbutikk og TV-forretningar.

P. Kvamme

starta målarvareforretning i Vik i 1923. Han selde også fisk og sild, fiskereidskapar og tauverk, koks og kol. Forretninga vart kjøpt av Vik Samyrkelag i 1957.

Vik Apotek

vart starta i 1923. Det hadde også utsal i Brekke, Høyanger, Balestrand, Fjærland og Hermansverk. Vik Apotek har også hatt utsal i Brekke, Høyanger, Balestrand, Fjærland og Hermansverk.
Vik Apotek heldt til i dette huset på 1930-talet. Foto: VLA

Andreas Hove

starta ur- og gullsmedforretning i Vik i 1925. Han dreiv også optikarforretning. Forretninga er sidan teken over av sonen Olav Hove.

Leiv Larsen

starta passasjer- og varetransport i Vik i 1929. Seinare kjøp opp av Sogn Billag.

Bjarne J. Hansen

starta målingsforretning i Feios i 1939. Han hadde oppdrag over heile indre Sogn, og hadde opptil 12 mann i arbeid. I Feios dreiv han også målarverkstad for lakkering og møbelmåling.

Sogn Billag L/L

starta rutedrift i Vik i 1942 - sjå elles "Rutebilane i Vik".

Thune & Co.

Trelast, bygge- og landbruksvarer, sagbruk, kassefabrikk og husbygging.

Sognekraft

L/L Sognekraft vart skipa i 1947 med seks kommunar i midtre og Indre Sogn som eigarar.

Arnfinn Svendsen

starta i 1951 møbelforretning i Vik. Han dreiv med møbelstopping, og laga både madrasser og divanar på eigen verkstad.

Vik maskinlag

vart starta i 1952 med til saman 100 bønder i Vik og på Vangsnes som luteigarar. Trond Orvedal kjøpte inn traktorar og andre jordbruksreiskapar som bøndene leigde.

Butikk og pensjonat på Vangsnes

Souvenirbutikk, pensjonat, kafé og daglegvarer.

Bær-bygda Fresvik

I 1966 og 1967 vart det dyrka like mykje bær i Fresvik åleine som i resten av Sogn og Fjordane til saman.

Vangsnes Fruktlager L/L

vart bygd i 1958 av Vangsnes Fruktlag som var skipa i 1953.

Vik fargehandel

vart starta i 1960 av Trygve Tveit i "Hove-bygget". Fargehandelen bygde nytt og utvida i 1982.

A-K Maskiner AS

- landbruksmaskiner, vart skipa i 1961, og etablerte seg som landsdekkande kjede. Avdelinga i Vik dekkjer midtre Sogn, og har fem tilsette.

Ungdomsheimen Kafé

vart starta i 1961 i Vik av Sogn Krins av NKUF. Seinare er kaféen driven av andre.

Arkitektfirmaet Olav og Jon Vikøren MNAL

vart bygd ut til det største arkitektkontoret i fylket. Arkitektane Vikøren har m.a. teikna mange offentlege bygg i Sogn og Fjordane, og fått prisar for arbeida sine.

Ingvald Målsnes

starta med installasjonsforretning i Vik i 1963 og dreiv med opptil seks tilsette fram til 2000.

Vik Gullsmedforretning

frå 1974 - sjå Fjordsylv 1996.

Oppdrettsanlegg i Vik

Joto smoltoppdrett, Aqua Farms Herand og Sognesmolt.

Vikjatunet forretnings- og servicesenter

opna 1989 - sjå Vik Sparebank.

Trykkservice AS

vart starta i 1989 i Vik av Per Tubbene. I samarbeid med Pjuma Reklame ved Per Johnny Undi gav verksemda ut annonsebladet "Vika". Trykkeriet vart etter nokre år flytta til Årdal.

Røyrvik Bygg og Betong AS

i Vik vart skipa i 1992 av Mange Røyrvik. Verksemda hadde i 2004 19 tilsette og ei omsetning på vel 17 millionar kroner.

Finden Gard

gardsturisme i den veglause Finnefjorden vart starta i 1993 av Laila Lilleøren og Lars Finden. På garden sin har dei bygd restaurant med meny av lokale råvarer, og har hus for overnatting og eigen skyssbåt. I 2006 fekk dei Bygdeutviklingsprisen for Sogn og Fjordane for verksemda si.

Dampen i Vik. (Foto: Arild Nybø, NRK)

Dampen

Pub, restaurant og overnatting på staden der dampbakeriet i Vik låg.

Barn-Nett

vart skipa i 1996 av Tone Nisting Tenold for drift av ein stor barnehage på Tertnes ved Bergen.

MEIR OM VIK 
Vik kommune

 
Aviser og media i Vik
Historia i Vik
Hotell og gjestgjevarar i Vik
Industri og næring i Vik
Kjende personar i Vik
Kommunehistoria i Vik
Krigshistoria i Vik
Kriminal- og rovdyrsoger frå Vik
Kyrkjer i Vik
Landhandlar i Vik
Meierihistoria i Vik
Samferdsle i Vik
Skular i Vik
Verd å sjå i Vik

 
Lyd frå Vik
Video frå Vik
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no