SkilleToppknapp Rovdyr Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Ulukker Fylkesleksikon 115pSkilleToppknapp Lyd og Video Fylkesleksikon 115pskille_slutt
Sogn & Fjordane Fylkesleksikon 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Fylkesleksikon
SPONSORAR
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Sparebanken Sogn og Fjordane
NRK.no
Leksikonredaktør:

Nettansvarleg:

Distriktsredaktør:

Copyright:
NRK Sogn og Fjordane

 
Industri og næring i Vik:

Landhandlar i Vik

Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Publisert 25.07.2002 17:48. Oppdatert 12.01.2007 12:19.

Dei første gjestgjevar- og handelsstadane i Vik

Frå gamalt av var det livleg handel mellom kyst- og innlandsbygder i Vik: Folk frå Voss - særleg frå Myrkdalen på Vossestrand og Jordalen - handla salt, fisk og sild i Vik. Den første registreringa av handelsmenn i Vik er frå 1659.

Christoffer Parelius Rasmussen

frå Balestrand starta som landhandlar i Vik i 1848. Han vart også postopnar, og dreiv handel til 1882.

Hotell og landhandel i Fresvik

Ola O. Bøthun (1828-1912) starta landhandel i Fresvik kring 1850.

Tycho Jæger

- betre kjend som kunstmålar - starta handel i Feios i 1858. Han dreiv til ca. 1873.

Jens Bøthun

starta landhandel i Fresvik i 1863 og dreiv til 1899. Han hadde også skjenkerett.

Handel og brusfabrikk i Vik

Endre Andersen starta landhandel i Vik i 1866 etter først å ha arbeidd som skomakar. Sonen Anders Andersen tok over fram til 1919, då han gjekk konkurs. Johan Støfringsdal overtok og dreiv saman med broren Olav fram til forretninga brann i 1922.

Bendik Breilid

frå Fresvik kjøpte konkursbuet til Støfringsdal i 1925 (sjå ovanfor) og starta landhandel, seinare også bokutsal.

Johan Martin Svendsen

frå Lærdal starta landhandel på Vikøyri i 1868. Då han døydde i 1916, tok sonen Mathias Olai Svendsen over, og dreiv også ei kort tid pensjonat. Frå 1931 dreiv enkja Marta fram til 2. verdskrig.

Viks Forbruksforening

vart skipa i 1874, og vart driven til forretningsbygget strauk med i brannen i 1922 (sjå "Ulukker i Vik").

Fresvik forbruksforening

vart skipa i 1874. Fresvik handelslag kjøpte buet på auksjon i 1926. og gjekk i 1965 inn i Sogn Samvirkelag, som i 2000 vart ein del av Coop Indre Vestland.

Christen Ivarson Offerdal - Feios Nærbutikk

Christen Ivarson Offerdal dreiv landhandel og gjestgiveri i Feios frå 1875. I 2002 heiter forretninga Feios Nærbutikk.

Claus Monsen Næse

frå Askvoll starta landhandel på Nese i Arnafjord i 1876. I 1885 tok Steffen Nese og Ole H. Dale over. Dale tok seinare over åleine, og døtrene Sitona og Inga Dale etter han. Butikken var i drift til 1970.

Gjert Nilsen Vikøren

dreiv landhandel i Vik frå 1882 til han emigrerte til USA i 1907.

Handelsverksemda på Nese

Ole M. Nese starta landhandel på Nese i Arnafjord i 1886. Forretninga vart driven til 1999.

Bjørn A. Hanekam

dreiv landhandel i "Hovlandsbui" på Vangsnes frå 1892 til 1905. Han vart elles kalla for "Potetkongen" fordi han dyrka så mykje poteter på garden sin.

Edvard A. Vikøren

starta landhandel i Vik i 1903. Han starta kring 1925 også "Central Kafé", som på folkemunne fekk namnet "Fyliskaféen". Butikken gjekk konkurs i 1917, medan kafeen vart driven til 1945.

Fylkets første næringsdrivande kvinne

Ingeborg Kristine Havneraas starta i 1905 landhandel på Vangsnes. Dette er truleg det første næringsforetaket starta av ei kvinne i Sogn og Fjordane.

Lars Gjærløv

frå Aurland starta landhandel i Vik i 1907 og dreiv den fram til brannen i 1922 (sjå "Ulukker i Vik"). Han hadde tidlegare vore styrar ved Vik Forbruksforening (sjå denne lenger oppe - 1874) og drive eigen butikk i Aurland.

Ole P. Fosse

(1871-1945) starta i 1904 landhandel på Leikanger, men flytta i 1909 til Vik.

Sjur Midtun

starta landhandel på Vangsnes i 1920. Gunhild Vangsnes tok over i 1940 og dreiv til 1958, då Vik Samyrkelag starta filial i bygda, og tok over forretningslokala. Alfred Skeie var styrar, men samyrkelaget la ned drifta i 1962. Skeie dreiv sidan forretning på Vangsnes til 1982, då Odd E. Vangsnes tok over daglegvarebutikk og souvenirbutikk.

Johs. Hove AS

Johs. Hove AS, landhandel vart starta i Vik i 1920 av Johannes Hove (1887-1960). Johannes Hove bygde i 1930 eit etter måten stort forretningsbygg på Vikøyri på ei tomt som han kjøpte frå Hopstock Hotell. Her dreiv både Hove og hotelleigaren Mons Thorsen (med firma M. & Th. Thorsen) kvar sin landhandel i første høgda.

Fresvik Handelslag L/L

vart starta i 1920 - sjå Fresvik forbruksforening (1874) og Fresvik Handelslag.

Anders H. Tenold (Svardalen)

starta landhandel i Vik i 1922, etter å ha vore betjent på Vik Forbruksforening sidan 1896. Firmaet heitte først A.H. Tenold, så Brødrene Thingvoll, og til sist Vik Handelslag.

Anders A. Seim - landhandel

Anders A. Seim starta landhandel i Vik i 1924, etter først å ha vore styrar ved Viks Forbruksforening.

Holstad & Brekke daglegvarehandel

vart starta i Vik i 1925 med Eirik O. Brekke som styrar. Seinare overtok Holstad O.P. Fosses butikk, medan kompanjongen heldt fram under firmanamn E.O. Brekke. Sonen Kjell Brekke tok over i 1968, avvikla daglegvaredelen i 1972 og dreiv vidare med kiosk.

Mons Thorsen - bakeri og daglegvare

Mons Thorsen kjøpte Vangehuset i 1928 og starta vanleg landhandel i første etasje. I 2002 er forretninga inn i RIMI-kjeden.

Vik Samyrkelag

vart starta i 1935. I 1965 overtok Vik Samyrkelag drifta av Framfjorden Samyrkelag (sjå nedanfor).

Framfjorden Samyrkelag

Nærbutikken i Framfjorden. (Foto: Tor Sivertstøl, NRK)
vart skipa i 1936 etter opptak av Johannes Nummedal. Laget vart slege saman med Vik Samyrkelag i 1965, som dreiv S-Nærmat i Framfjorden fram til 2000, då eit bygdeeigd aksjelag - Fjorden Nærbutikk AS tok over.

Leiv Vikøren

starta landhandel i Indrefjord i 1949, og var også poststyrar og dampskipsekspeditør. Butikken vart lagd ned i 1984.

Vik Daglegvaresenter

vart starta i 1963 av Alfred Skeie i lokale frå tidlegare Kafé Sjøheim.

Sogn Samvirkelag

opna filial i Fresvik i 1968. Den gjekk i 2000 med i storsamanslutninga COOP Indre Vestland (sjå "Landhandlar i Årdal").

Olav Salbu

dreiv frå 1978 til 1988 fiskebil og kjøt- og fiskeforretning med daglegvarer i Vik.

Feiosbui AS

frå 1990 - sjå "Christen Ivarson Offerdal - Feios Nærbutikk".

Krambui

vart starta i Vik i 1993 av Rune Målsnes, som sidan 1984 hadde drive elektrisk forretning i bygda. El-forretninga vart avvikla 1996.

Nærmat Vangsnes

I 1997 nyopna Edvard Vangsnes si svigerdotter Kirsten Vangsnes butikk under namnet Nærmat Vangsnes - sjå "Butikk og pensjonat på Vangsnes".

Fjorden Nærbutikk AS

i Framfjorden - sjå Framfjorden Samyrkelag 1936 lenger oppe på sida.

MEIR OM VIK 
Vik kommune

 
Aviser og media i Vik
Historia i Vik
Hotell og gjestgjevarar i Vik
Industri og næring i Vik
Kjende personar i Vik
Kommunehistoria i Vik
Krigshistoria i Vik
Kriminal- og rovdyrsoger frå Vik
Kyrkjer i Vik
Landhandlar i Vik
Meierihistoria i Vik
Samferdsle i Vik
Skular i Vik
Verd å sjå i Vik

 
Lyd frå Vik
Video frå Vik
SE OGSÅ

Finn fram i Fylkesleksikonet!
Vel ein kommune:
Tilbake til framsida av fylkesleksikonet
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
SØK I LEKSIKONET
Personar Kongevitjingar MEdia Samferdsle Laksefisket Næring Alfabetisk oversyn:
ABCDEFGHIJKLMNO
PQRSTUVWXYZÆØÅ
Informasjon
 
SØK I FYLKESLEKSIKONET
Informasjon
ABCDEFGHIJKLMNOPQRSTUVWXYZÆØÅ
Attraksjonar Historie Helsestell Skule Kriminalsoge Kyrkjer
Personar Kongevitjingar Media Samferdsle Laksefisket Næring

Harald Hårfagre var sogning

Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå. Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.

Slaget i Sildagapet i 1810

Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?

Då fiskedampskipa stakk til havs

Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.

Nydyrkingskommunen Jølster

Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.

Ei mellomalderkyrkje langt til havs

I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?

Sjalu tenestejente drap gardkona

Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.

Få nazistar i Sogn og Fjordane

Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.

Den heimekjære amtmannen

I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no