|
|
|
|
Leksikonredaktør:
Nettansvarleg:
Distriktsredaktør:
Copyright:
NRK Sogn og Fjordane
|
|
| |
Historia i Årdal - tyskarane satsar: Hydro sel til Nordag | Øvre Årdal i 1940 - utsyn frå Vee mot Farnes. |
Den tyske krigsmaskinen var på febrilsk jakt etter det lette "krigsmetallet" aluminium til krigsflya sine. Det hadde ikkje gått mange dagane etter invasjonen 9. april 1940 før Luftwaffesjef Hermann Göring sende direktøren for Junker-fabrikken til Noreg for å sikre norsk aluminium til den tyske flyfabrikken. Publisert 12.12.2001 10:29. Oppdatert 08.06.2006 13:30.Og alt hausten 1940 la Junker-direktør Heinrich Koppenberg fram planen om utbygging av norsk aluminiumsindustri og seksdobling av produksjonen innan 1944. Oksyd-råstoffet skulle skaffast frå norsk anortositt, som skulle bli supplert med bauxitt når Tyskland hadde skaffa seg kontroll over bauxittgruvene i Ukraina.
Til å styre den gigantiske planen om utbygging av norsk aluminiumsindustri, skipa tyskarane i 1941 selskapet Nordag.
Nordag skulle også byggje ut aluminiumsverk fire andre stader i landet, men Årdal med kraftverka i Øvre var nøkkelpunktet i den norske planen: Her skulle det innan to år byggast ein oksydfabrikk for 50.000 tonn og eit alumiminiumsverk for 24.000 tonn i året!
| Tyske soldatar på Heirsnosi. Foto: Nordag, utlånt frå Årdal Sogelag. |
No hadde Hydro endeleg funne ein kjøpar til krafta frå Tyin! I oktober 1941 selde Hydro kraftstasjonen og alt dei eigde i Årdal til Nordag for 17, 5 millionar kroner.
SE OGSÅ
|
|
Finn fram i Fylkesleksikonet!
|
|
| |
|
SOGN OG FJORDANE FYLKE, TEMASIDER
|
|
|
Den første kongen i Noreg, Harald Hårfagre, var sogning. Han vaks opp på Husabø på Leikanger, der mora kom frå.
Les meir om kong Harald Hårfagre og landsamlinga og om slekta hans i Sogn.
| |
|
Den 23. juli 1810 gjekk to engelske krigsskip til åtak på ei lita, norsk flåteavdeling ved øya Silda sør for Stad og tok det norske mannskapet til fange. Dagen før hadde engelskmennene herja i Ervik-bygda på Stad. Kvifor gjekk den mektige engelske marinen til åtak på skrøpelege, norske kanonjollar i Ytre Nordfjord?
| |
|
Då den første dampdrivne fiskebåten, ”Activ”, gjekk ut frå Ålesund i 1885, innvarsla det ein ny epoke for norske fiskeri: Havfisket. Dei store skipa gjorde det mogeleg å utnytte fiskeressurane langt til havs. Kring 1910 hadde Sogn og Fjordane 20 slike store fiskedampskip. Fleire av dei vart brukte i aktivt fiske heilt fram på 1960-talet.
| |
|
Frå 1920-talet og fram til like etter krigen fekk Sogn og Fjordane i alt 623 nye gardsbruk. Selskapet Ny Jord spela ein aktiv rolle i nydyrkingsarbeidet i mellomkrigskrigtida, og særleg merka Jølster seg ut som den store nydyrkingskommunen med 57 nye bruk.
| |
|
I mellomalderen låg det ei kyrkje på Utvær. Utvær ligg åtte km vestanfor dei andre øyane i Solund, og er det vestlegaste punktet i Noreg som har vore busett. Kvifor vart det bygd eit gudshus bokstaveleg tala midt ute i havet?
| |
|
Sjalusi er diverre eit klassisk drapsmotiv. Slik var det også for tenestejenta Sigrid i Vetlefjorden ein gong på 1600-talet då ho la sin elsk på husbonden på garden. Men for å kapre han måtte ho få kona av vegen, og til det trengde ho hjelp.
| |
|
Ingen fylke i landet hadde så få medlemmer av Quislings Nasjonal Samling som Sogn og Fjordane. Berre 396 fjordingar og sogningar var medlemmer i NS under 2. verdskrig, og mange av desse var innflyttarar og unge jenter som hadde kontakt med tyskarane. Fleire kystkommunar var så godt som frie for NS-folk.
| |
|
I 1763 vart Joachim de Knagenhjelm utnemnd til den første amtmannen i Sogn og Fjordane. Det første han gjorde, var å flytte heim til mor på Kaupanger hovedgård. Men berre åtte år seinare vart Knagenhjelm nærmast tvangsflytta til Nord-Noreg. Kvifor?
| |
|
|
|
|