Den første gjestgjevaren i Vik var Per Klokkar i 1659.
Hopstock Hotell på Vikøyri er det eldste hotellet i Sogn og Fjordane med utferda hotelløyve.
Ola O. Bøthun (1828-1912) bygde eit to-etasjes hotell i Fresvik kring 1890, og dreiv landhandel i kjellaren.
Johan Martin Svendsen
frå Lærdal starta landhandel på Vikøyri i 1868. Då han døydde i 1916, tok sonen Mathias Olai Svendsen over, og dreiv også ei kort tid pensjonat. Frå 1931 dreiv enkja Marta fram til 2. verdskrig.
Landhandel og gjestgiveri i Feios frå 1875.
Rivedals Hotell
Søren Rivedal (1847-1914) frå Holmedal og Ole Hansson Vange starta landhandel i Vik i 1882. Vange gjekk ut av firmaet etter ei tid. Rivedal bygde i 1894 "Rivedals Hotel". Hotellet vart drive til kring 2. verdskrig.
Seinare tok sonen Erling Rivedal over. Han handla også på jordbruksvarer og tok imot vilt for vidaresal. I det gode rypeåret 1913 sende han 1.200 ryper til Bergen. Enkelte av jegrane hadde då skote 40 ryper pr. dag!
Johannes Hove bygde i 1930 eit etter måten stort forretningsbygg på Vikøyri på ei tomt som han kjøpte frå Hopstock Hotell. I andre høgda dreiv Hove "Gimle Herbyrge og Kafé". Kaféen vart driven til 1960.
Målsete turisthytte
på Vikafjellet vart teken i bruk i 1936 og var bygd av Vik Utferdslag med støtte frå Bergens Turistforening. Som motyting fekk bergensarane nytte hytta i lange bolkar. Målsete Turisthytte vart bygd med stor dugnadsinnsats frå vikjene. – Les meir om hytta under ”Lag og organisasjonar”.
|
Sognefjord Gjestehus. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Odd. O Vangsnes bygde pensjonat og kafé i 1957. Pensjonatet har i 2002 namnet Sognefjord Gjestehus.
Vik Camping
på Vikøyri vart starta i 1959 av Mossa og Ole Liljedahl. Plassen har i 2002 åtte hytter og oppstillingsplass for 35 vogner/telt.
Tveit Camping
på Vangsnes vart starta i 1972 av Solveig og Olav Fjærestad. Plassen har 10 hytter og 35 plassar for campingvogner/telt.
Djuvik Camping
ved Vangsnes vart starta i 1974 av Erik Lidal. Campingplassen er bygd ut med 23 hytter (2002). Sjå bilete øvst på sida.
Solvang Camping
på Vangsnes vart starta på 1970-talet av Odd Vangsnes. I 2002 er det Bjørn Knutsen som driv verksemda, som har to hytter og motell med 12 senger.
Tistel Camping og Feriehytter
i Vik vart starta i 1976 av Ragnhild Tistel. Campingplassen har åtte feriehytter og oppstillingsplass for 12 vogner.
Sognefjord Gjestehus
I 1997 nyopna Edvard Vangsnes si svigerdotter Kirsten Vangsnes pensjonatet på ny med 17 senger - sjå "
Butikk og pensjonat på Vangsnes".
|
Dampen ligg der det gamle dampbakeriet i Vik låg. (Foto: Arild Nybø, NRK) |
Dampen
Pub, restaurant og romutleige der det tidlegare var dampbakeri i Vik.