Næringssvakt fylke
Sogn og Fjordane var på denne tida det mest næringssvake og tilbakeståande fylket i Sør-Noreg med ei gjennomsnittsinntekt som låg på halvparten av det t.d. bergensarar tente. Næringslivet utanom industristadane Årdal, Høyanger og Svelgen var einsidig og dominert av primærnæringane jordbruk og fiske. Fylket hadde dårleg utbygd infrastruktur - m.a. dårleg vegnett, store manglar i helsetenesta og stort underskot på gymnas og yrkesskular. Alle kommunar hadde sterk fråflytting. Bergen var totalt dominerande innan engros og vareomsetning.
Fekk gode vilkår
I denne situasjonen vart Sogn og Fjordane tilgodesett med nokre av dei beste lån- og støttevilkåra som Distriktenes Utbyggingsfond kunne by: Nye handels-og industriverksemder i Sogn og Fjordane fekk storparten av etableringskostnaden dekt med tilskot og rimelege lån i DU.
Då Førde vart utpeika som vekstsenter i 1965, vart bygda tilgodesett med særskilde ordningar som grunnkjøpsobligasjonar som m.a. sikra store utbyggingsareal på Øyrane. Men utover dette vart ikkje vekstsenteret spesielt tilgodesett i høve til resten av fylket.
Plan- og utbyggingssjef
Ragnar Høgelid administrerte fondet i Sogn og Fjordane frå 1960 til 1989, då Magne Skår overtok stillinga og styrte DU-midlane fram til 1997.
SND vert skipa
Frå og med 1993 vart fleire statlege låne- og støtteinstitusjonar - DU, Industribanken, Industrifondet og Småbedriftsfondet - samordna i SND - Statens Nærings- og Distriktsutviklingsfond. Omlag samstundes vart ein stor del av tilskotsmidlane desentraliserte ved at kommunane fekk eigne næringsfond. Desse kunne yte støtte opp til ei viss beløpsgrense. Over denne grensa gjekk søkanden til avgjerd på fylkesnivå.
Eige fylkeskontor
I 1997 vart SND-kontoret for Sogn og Fjordane skipa. Kontoret held til på Leikanger med Hallvard Flatland som leiar, og har avdeling i Førde.
Frå og med 1997 vart Statens Fiskarbank og landbruksbanken integrert i SND. Frå og med 2000 er også landbrukssektoren sine spesielle bygdeutviklingsmidlar lagt under SND.
Innovasjon Norge
Innovasjon Norge overtok frå 1. januar 2004 oppgåvene til Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND), Norges Eksportråd, Statens Veiledningskontor for Oppfinnere (SVO) og Norges Turistråd.