Fylkestrygdekontoret i Sogn og Fjordane har det overordna og ansvaret for trygdekontora, Hjelpemiddelsentralen i Førde, arbeidslivssenteret, og rekneskapssentralen for heile den norske trygdeetaten.
Skipa i 1991
Fylkestrygdekontora i Noreg vart skipa i 1990 og 1991, og fylkestrygdekontoret i Sogn og Fjordane kom på plass i Leikanger i 1991. Kontoret held til i Aarskogbygget på Hermansverk, og har det overordna administrative og faglege ansvaret for dei lokale trygdekontora i kvar kommune.
Frå 1991 har det skjedd ei sterk delegering av mynde frå det sentrale Rikstrygdeverket, slik at fylkestrygdekontora er klage- og ankeinstans for dei fleste saker som gjeld praktisering av Folketrygda.
Frå 1. juli 2006 er AETAT (arbeidsformidlinga) og trygdeetaten slegne saman til
Ny Arbeids og Velferdsforvaltning – NAV .
Hjelpemiddelsentralen
Frå og med 2002 har fylkestrygdekontoret overteke det administrative og faglege ansvaret for Hjelpemiddelsentralen i Førde. Denne låg tidlegare under fylket, men vart overført til Staten samstundes med omorganiseringa av sjukehustenesta.
I 2002 vart det skipa såkalla arbeidslivssentra i fylka. Desse skal ivareta saker som kjem under avtalen om eit inkluderande arbeidsliv. Arbeidslivssenteret er lagt til fylkestrygdekontoret.
Fylkestrygdedirektørar i Sogn og Fjordane:
1991-1993 Bjarne Venjum
1994-2006 Tore Thorsnes
Rekneskapssentral for den norske trygdeetaten
Som ein lekk i utflytting av statsinstitusjonar frå Oslo, er rekneskapssentralen for heile den norske trygdeetaten frå årskiftet 2002 /2003 plassert på Leikanger. Sentralen har ansvaret for all fakturering og rekneskapsføring og lønsutbetalingane til kring 7000 tilsette.
Kontoret får fullt utbygt kring 35 tilsette, og sorterer under fylkestrygdekontoret i Sogn og Fjordane.